Planovergangar

Da jernbanen vart bygd i Noreg, vart mange eigedomar delte i to. Da vart det mange stader naudsynt å tillate ferdsel via planovergang, undergang eller overgangsbru. Nå finst det om lag 3500 planovergangar på jernbanenettet.

Planovergang med bomanlegg <strong>Foto: Njål Svingheim</strong>
Det er fleire typar planovergangar på jernbanenettet; dei kan vere sikra med heil- eller halvbommar, lyd- og lyssignal eller berre med grinder. Det finst i alt ca. 3500 planovergangar i Noreg,  på banar med fast trafikk var talet i byrjinga på 2012 3142. Langt dei fleste planovergangane ligg på private vegar. Jernbaneverket arbeider ubrote med å betre tryggleiken og å redusere talet på overgangar. Dei siste 10 åra er meir enn 1100 overgangar fjerna.

Les meir om de ulike typer planovergangar.

Vikeplikt

Dersom du skal passere ein planovergang, har du etter Jernbanelova §9 og Vegtrafikklova §10 vikeplikt for toget:
"Trafikant skal gi fri veg og om nødvendig stanse for sporvogn og for jernbanetog. Før passering av planovergang skal trafikant være oppmerksom på om jernbanetog eller sporvogn nærmer seg. Dette gjelder selv om overgangen er særskilt sikret. Kjørende skal holde så liten fart at stans om nødvendig kan skje i trygg avstand fra overgangen."

Hugs alltid at kryssing av planovergangar medfører risiko!

Jernbaneverket sine plikter

Jernbaneverket har ansvaret for tryggleiken på planovergangane. Siktforholda skal vere tilstrekkelege i høve til farten på toget. Vegen må vere utforma slik at det er trygt å køyre av og på ein planovergang. Følgjande internasjonale reglar gjeld i høve til togfarten:

  • Inntil 130 km/t: Usikra planovergangar er tilltatne
  • Inntil 160 km/t: Planovergangar skal vere utstyrte med automatisk vegbomanlegg; halvbom eller heilbom
  • Meir enn 160 km/t: Planovergangar er ikkje tillatne.

Der det er sett opp grinder og stengsel, har Jernbaneverket plikt til å vedlikehalde grinda.

Grunneigaren sine plikter

Grunneigar pliktar sjå til at grinder og stengsel er stengde eller låste. I høve der det er behov for å transportere noko over planovergangen (eksempelvis tømmertransport), skal Jernbaneverket varslast på førehand. Ved behov kan Jernbaneverket hjelpe til med vakthald for å ivareta tryggleiken mens transport går føre seg.

Unngå kontakt

Det er livsfarlig å kome i kontakt med kontaktleidningsanlegget. Generelt skal ein halde seg unna alle tekniske jernbaneinstallasjonar. Ved eventuelle feil på anlegget, kan slike installasjonar overføre høgspenning. Eksempelvis kan fiskestenger leie straum, så ver merksam når du kryssar ein planovergang.

 

STOPP. SE. LYTT.

Når Jernbaneverket for andre gang markerer den internasjonale planovergangsdagen er det med flere aksjoner og større eksternt samarbeid. Store og små aksjoner gjennomføres i hele landet for å øke publikums oppmerksomhet ved planoverganger.

Les mer