Menneske i sporet

Å ferdast på jernbanelina og tilknytte område er forbode etter norsk lov. Slik ferdsel medfører stor fare, og skaper svært stressande situasjonar for lokomotivførarane.

 

Tog treng fleire hundre meter på å bremse ned farten, det er derfor svært vanskeleg å hindre påkjørsel av personar som ferdast ulovleg i sporet. Trass i dette vert det diverre jamleg registrert ulovlig ferdsel i sporet, og at det vert klipt hol i gjerde som er sette opp til sikring. Jernbaneverket bruker årleg monalege summar på å reparere skadde gjerde.

Det skal alltid hentast inn løyve frå Jernbaneverket før ein set i gang arbeid som skal skje på eller ved jernbanesporet, eller som kan påverke jernbaneinfrastrukturen.
Les meir under 'Byggjegrense'.