Drenering/planering

Alle endringar som vert utførte i terrenget nær sporet, kan innebere auka risiko for ras og utgliding.

Bygging av skogsbilvegar, jamvel langt frå sporet, er inngrep som kan få konsekvensar for vassvegane. Jernbaneverket skal syte for å leie vatnet bort frå sporområda, dette for å minske faren for ras. Grunneigarar bør også inspisere grøfter og stikkrenner jamleg for å forvisse seg om at dei fungerer tilfredsstillande. Spesielt gjeld dette i periodar med mykje nedbør og snøsmelting.

Kontakt Jernbaneverket

Dersom det er planar om å gjere terrengendringar på eigedomar nær sporet, bør ein varsle Jernbaneverket før planane vert gjennomførte. I fellesskap er det som oftast mogleg å finne løysingar som både grunneigar og Jernbaneverket er nøgde med.