Det er ikkje tillate å byggje, grave eller fylle opp masse innanfor ein fråstand på 30 meter frå jernbanen.
Innan 30 meter frå nærmaste midtline er det ikkje tillate:
- å føre opp bygning eller annan installasjon
- å foreta utgraving
- å foreta oppfylling
Jernbaneverket kan etter søknad gjere unntak frå desse reglane. (Jernbanelova §10, første ledd). Reglane gjeld i områder der det ikkje finst reguleringsplan som spesielt set anna byggjegrense. Dette inneber:
- 1. 1. I uregulerte område gjeld jernbanelova §10.
- 2. 2. I regulert område gjeld jernbanelova §10.
- 3. 3. I regulert område med sette byggjegrenser gjeld vedtaka i reguleringsplanen.
Dispensasjon
Ein kan søkje om dispensasjon frå byggjegrensa på 30 meter for tiltak som fell inn under punkta 1 og 2 nemnde ovanfor. Søknad sender ein til Jernbaneverket.
Kvifor byggjegrense?
Reglane skal medverke til:
- Å sikre tilstrekkjeleg sikt for lokførar
- Tilstrekkjeleg avstand i høve til støy og vibrasjonar
- Kontroll med bygninger og anlegg inntil sporet
- Å gi tilstrekkjeleg plass for snørydding og å redusere faren for sprut frå sporet
- Å unngå attbygging med tanke på framtidige moderniseringar og omleggingar
- Å unngå konfliktar med nedgravne anlegg, kablar og leidningsgater.
- Å redusere ulemper for togframføringa ved brann- og eksplosjonsfare på granneeigedomar.