Foreslår endringar i stasjonsstrukturen

Best mogleg togtilbod for flest mogleg, men dårlegare for somme. Jernbaneverket foreslår i ein ny rapport å leggje ned 31 stasjonar. De fleste stasjonane er små haldeplassar med svært få reisande og ein låg standard. Moderne tryggleikskrav til lengd og høgd gjer at mange plattformer må byggjast på nytt. I tillegg må nokre stasjonar leggjast ned for å kunne innføre ny grunnrute for toga.

 <strong> Foto: Thor Erik Skarpen </strong>

– Dei høge kostnadene med bygging av nye plattformer gjer det aktuelt å sjå på nedlegging av små stasjonar no, seier prosjektleiar Øyvind Rørslett. Mange stopp på ei togline gir lang reisetid, og toget tapar til bil og ekspressbuss. Skal jernbanen ta sin del av trafikkveksten, trengst eit meir marknadsretta stoppmønster. Forslaget om nedleggingar er eit skritt i den retninga. Å skape eit best mogleg togtilbod for flest mogleg inneber også eit dårlegare tilbod til somme, seier Øyvind Rørslett.

Rapporten er på høyring til 15. juni og endelege tilrådingar vert  deretter sende til Samferdselsdepartementet. Det vert understreka at dette er den faglege tilrådinga frå Jernbaneverket. Somme av stasjonane er allereie vedteke nedlagde av Samferdselsdepartementet i samband med innføring av ny grunnrute(sjå liste). Dette er tidlegare offentleggjort. Dei stasjonane er ikkje på høyring, men vi tar gjerne imot kommentarar.

Rolledeling mellom bil, buss og tog
– Vi forstår at det er kontroversielt å foreslå nedlegging av stasjonar, men det dreier seg om å finne en fornuftig rolledeling mellom bil, buss og tog. Et optimalt stoppmønster gir kortare reisetid og dermed fleire passasjerar frå dei store stasjonane, seier Øyvind Rørslett. Bedte innfartsparkering og busstilbod vil bli alternativet for dei som mister togtilbodet.

Rapporten “Jernbanens stasjonsstruktur 2012” trekkjer opp prinsipp for utvikling av ein tenlig og framtidsretta stasjonsstruktur:

“For at toget skal være konkurransedyktig bør toget konsentrere seg om å betene knutepunkt og stasjoner med et visst trafikkgrunnlag. Med færre stopp kan hastigheten økes og toget bli konkurransedyktig i forhold til et stadig bedre veisystem.”


Fleire grunnar til ny stasjonsstruktur
Det er fleire grunnar til at tida er moden for å leggje ned stasjonar. Nye krav til oppgradering av stasjonar gir kostnader i milliardklassen. Det er ikkje økonomisk forsvarleg å oppretthalde stasjonar med få passasjerar.

Tryggleiksforskrifter og nye, lengre tog
Kravet om at alle plattformer skal vere like lange som toga som skal stoppe der, betyr at mange stasjonar treng ei monaleg oppgradering.

Bli konkurransedyktig
Vegnettet vert bygd ut, og dette medfører ei kortare reisetid for både buss og bil. Skal toget møte denne konkurransen, må reisetida reduserast særleg på mellomlange og lengre avstandar. Når vegnettet blir betre, vil fleire velje bil eller buss framfor tog. Dette vil føre til auka Co2‐utslepp og ei forverring av støyproblem langs vegane.

Universell utforming
Lovverket krev at alle nyanlegg skal vere universelt utforma, det vil seie at alle reisande utan omsyn til funksjonsnivå kan bruke transportsystemet. Jernbaneverket ønskjer at alle stasjonane sine skal oppfylle krava til universell utforming.

Nytt signalsystem
Det nye signalsystemet ERTMS skal innførast på heile jernbanenettet i løpet av 10‐15 år. Dette vil krevje store tiltak på bygningane, blant anna fjerning av stasjonsovergangar i plan.

 

Andre føresette stasjonsendringar
I tillegg vil Jernbaneverket innan desember 2012 slå saman Harestua og Furumo stasjoner på Gjøvikbanen til “Nye Harestua stasjon”. Harestua har dispensasjon som går ut i 2012.

I samband med utbygging av Nordlandsbanen mellom Hell og Værnes, vert det føresett at Hell vert oppretthalden som stasjon på Meråkerbanen, men ikkje på Nordlandsbanen.

Ved utbygging av Eidangerparsellen på Vestfoldbanen vil stasjonane Kjose, Oklungen og Eikenes bli lagde ned.


Stasjonar som vert foreslått nedlagde
Nedanfor er lista opp dei stasjonane med forskriftskrav i 2015 og 2019 og som Jernbaneverket foreslår nedlagde.

.

 

I tillegg foreslår ein at Rånåsfoss og Auli (Kongsvingerbanen) vert slegne saman til eit nytt knutepunkt mellom dei to stasjonane. Ljosanbotn og Ørneberget på Bergensbanen (Voss-Myrdal) vert  også foreslått samanslegne.