Plan for betre tilgjenge og universell utforming

Jernbaneverket sitt framlegg til plan for betre tilgjenge, "Strategiplan for universell utforming", vart oversendt Samferdselsdepartementet sommaren 2007. Planframlegget femnar om alle område på stasjonane som Jernbaneverket stiller til rådvelde for togpassasjerane.

Fra Strømmen stasjon. (Foto: Njål Svingheim)Planen femnar jamvel om vilkåra for at tog og infrastruktur saman skal kunne få universell utforming. Til dømes må innstigingshøgda i toga samsvare med høgda på plattformene på stasjonane.


I den langsiktige strategien for å oppnå fullt tilgjenge for alle, gjer Jernbaneverket framlegg om at ein skal leggje ein stegvis plan til grunn. Planen femnar i korte trekk om dette:

  • Prinsippet om universell utforming skal leggjast til grunn ved bygging av nye stasjonar og tog
  • Ei stegvis oppgradering, først til eit nivå som gir tilgjenge for alle, deretter vidare til universell utforming. Oppgraderinga bør først gjennomførast på knutepunktstasjonar i det sentrale Austlandsområdet, og deretter på dei andre stasjonane med størst trafikk.

I rapporten gjer ein jamvel framlegg om at det skal skipast ei bemanna assistanseteneste på nokre utvalde stasjonar. Ved nybygging av plattformer skal høgda over skinnetoppen vere 760 millimeter og nye tog skal ha ei golvhøgd som gir trinnfri innstiging frå dette nivået. Nye tog skal også utstyrast med ei hjelperåd som kan dekkje mellomrommet mellom toget og plattformkanten. Vidare må nye tog også vere utstyrte med eit løfteapparat som kan takle skilnaden i høgd mellom gamle, lågare plattformer og vogngolvet, heiter det i planforslaget. Det vart i 2006 gjort nokre grove utrekningar i høve til kva tiltaka vil koste. Der vart det rekna ut eit investeringsbehov på 2,4 milliardar kroner ved oppgradering til "tilgjenge for alle", og monaleg høgare beløp ved oppgradering til "universell utforming". Det skal gjennomførast meir omfattande kvalitetssikring av kostnadsanslaga for dei einskilde stasjonane.

Framlegget til plan er utarbeidd i nær kontakt med den faste brukarmedverknadsgruppa "Kontaktgruppa for funksjonshemma i tog." I Kontaktgruppa er organisasjonane til dei funksjonshemma, Deltasenteret, NSB AS, Flytoget AS og Jernbaneverket representerte.