Overordna teknologisk strategi

Jernbaneverket har no fullført arbeidet med ein ny teknologisk strategi. Jernbaneverket står andsynes store teknologiske utfordringar i samband med val av tekniske system og anlegg for framtida. Dette gjeld både ved fornyingar og ved bygging av ny infrastruktur.

-Strategien skal nyttast som grunnlag ved innkjøp av tekniske system og anlegg og som grunnlag for utgreiingar og hovudplanar der ulike teknologiske val og løysingar skal vurderast, seier Frode Nilsen i Jernbaneverket si utgreiingsavdeling.

Utfordringane gjev behov for ein overordna teknologisk strategi som avklarar mål og føringar for teknologiske val. Strategien er presentert i det vedlagde PDF-dokumentet. Dokumentet ligg også føre på engelsk.

Strategien er primært utarbeidd for intern bruk, og skal i hovudsak nyttast som grunnlag for utgreiingar og hovudplanar der alternative teknologiske val og løysingar skal vurderast, og ved innkjøp av tekniske system og anlegg.

Kontaktperson: Sjefingeniør Frode Nilsen, Jernbaneverket Utredning, telefon 22455124, epost: fn@jbv.no