Vossebanen vert meir robust

Bergensbanen frå Voss til Arna, Vossebanen, vert no gjord meir robust for at han skal kunne stå imot store nedbørsmengder og vert sikra betre mot ras og utglidingar. Her som på dei andre banane er nøkkelen til ein betre bane å få vatnet vekk frå underbygningen og sideterrenget.

Ny og større linjegrøft og nye fanggjerder (sognemur) under byggjing vest for Bulken på Vossebanen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 

Når vi veit at nedbørsmengdene vestpå tidvis kan bli enorme, så er jobben dess viktigare. Samtidig blir baneanlegget gjennomgått i heile si bredd.

- Det er på mange måtar den same jobben som ei førebuande ballastreinsing vi no har sett i gang med, fortel prosjektleiar Karl Morten Undal. I år og i dei neste to åra skal heile Vossebanen gåast over på denne måten. Arbeida starta frå Bulken stasjon ved Voss, og vi jobbar oss gradvis vestover. – Vi har jo mange og til dels lange tunnelar på Vossebanen, men der banen går i dagen, er det for det meste eit bratt sideterreng med eit utal av bekker og elvar. Vi har utfordringar med ras og utglidingar, og det er svært viktig å få god kontroll på kvar vatnet kjem og korleis det kryssar jernbanen, seier Undal.

Opphaveleg smalspora


Vossebanen er opphavleg ein smalspora bane, opna i 1883 med 1067 millimeter sporvidd. Til opninga av Bergensbanen gjorde ein det som var nødvendig for å kunne leggje om til normalspor, men mange stader vitnar både kurvatur og breidd på fyllingane om det smalspora opphavet. Frå Voss til Arna er det om lag 70 kilometer.

Lokal entreprenør

Det er entreprenørfirmaet Spilde AS på Voss som har fått oppdraget på Vossebanen. – Vi har satsa stadig meir på jernbane dei siste åra, og slike oppdrag er veldig viktige for oss, seier anleggsleiar Per Ove Himle hos Spilde. Jobben består i å reinske alle grøfter og stikkrenner, lage større linjegrøfter der det trengst, pigge ut eller sprenge vekk fjell og rydde vekk all skog som kan falle inn i linja. – Her ved Bulken har vi fått til eit veldig godt samarbeid med grannane langs sporet, skyt Karl Morten Undal inn. Vi får nytte åtkomstvegane ,og vi får hogge alt vi meiner er naudsynt også på naboeigedomen. Generelt er det veldig viktig for oss å stå på god fot med grunneigarane langs banen, seier han. Da blir arbeida våre meir effektive, og vi får faktisk også gjort ein betre jobb.

Sognemur

Forutan å reinske og utbetre dreneringssystema langs banen og få fjerna vegetasjonen  skal ein også byggje mykje såkalla ”Sognemur” der terrenget er bratt. Dette er forankra gjerde av impregnert tre som fungerer som sikring mot utglidingar og småras i sideterrenget.  Dette er ei fornying av gamle og slitne støttemurar i sideterrenget. Også elvane som kryssar sporet, vert kritisk vurderte. – Vi har søkt NVE om å få leggje om eit av elvefara her, fortel Undal. På den måten får vi leidd vatnet inn i eit anna løp med betre dimensjonering og der vatnet også har roa seg mykje før det kjem ned til linja.

Tydeleg gevinst

Gevinsten av vass- og frostsikringsprosjektet er openberr. Banen blir mindre utsett for ras, steinsprang og utglidingar, sporet blir meir stabilt med betre komfort og mindre slitasje, og det blir også ei betre reiseoppleving ved at skogen vert fjerna. – Målet er betre oppetid, betre komfort og ein meir robust bane.

 

Det skal i år brukast om lag 150 millionar kroner på fornyingstiltak  og vel 110 millionar på førebyggjande vedlikehaldstiltak på Bergensbanen.

Sjå liste over viktige tiltak på Bergensbanen i år her.Slike fanggjerder (sognemur) blir sett opp på fleire delstrekningar av Vossebanen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>