Voss stasjon skal fornyast

For å betre tilkomsten og auke tryggleiken for dei reisande på Voss stasjon skal Jernbaneverket byggje to nye plattformer og ny tilkomst til spor 2 og 3. I tillegg skal delar av det jernbanetekniske anlegget fornyast.

Voss stasjon skal i løpet av dei neste par åra oppgraderast. (Foto: Alf-Tore Angelsen/Jernbaneverket)Voss stasjon er eit viktig trafikknutepunkt, og med meir enn 600.000 reisande årleg er Voss stasjon ein av Bergensbanens viktigaste og mest trafikkerte jernbanestasjonar.

Ny plattform
Hovudplattforma og den eksisterande plattforma mellom spor 1 og 2 skal rivast og erstattast av to nye og meir moderne plattformer. Dei nye plattformene vil bli breiare, lengre og høgare enn dei gamle.

I tillegg skal publikumsområdet oppgrarerast med meir lys, nye benker, avfallsstativ, høgtalarar og anvisarar.

For at svaksynte lettast muleg skal kunne orientere seg, blir tryggleikssonene og leielinjenene på plattforma taktilt merkte.

Ny undergang
Som tilkomst til den nye mellomplattforma og til nordsida av stasjonsområdet skal det byggjast ein undergang frå hovudplattforma på tvers av alle jernbanespora. Også her skal det monterast høgtalarar og anvisarar som visar togavgangane på Voss stasjon.

Frå undergangen til mellomplattforma skal det byggjast ein heis og ei rampe. Over den 40 meter lange rampa skal det vere tak for å skjerme dei reisande mot vêr og vind.

Frå hovudplattforma på sørsida av spora og ned i undergangen skal det byggjast trapp med varme og ei mellombels, relativt bratt rampe. Kommunen planlegg å leggja området på sørsida av stasjonen. Når dette er gjort, vil rampa ut i dette området få slakare stigning og universell utforming.

I nordenden av undergangen vil det bli bygd ei rampe som blir tilknytt den eksisterande kommunale gang- og sykkelvegen på nordsida av stasjonsområdet.

Gangbrua ved Fleischer`s Hotel, som i dag bind sør- og nordsida av stasjonen saman, vil bli riven når den nye undergangen vert teken i bruk.

Parkering av tog
Opphavleg vart toga på Voss stasjon parkerte på eit område som ligg vest for stasjonen, men dei siste åra har toga vorte parkerte inne på sjølve stasjonsområdet.

For å møte dagens krav til tryggleik og kapasitet skal toga i framtida i all hovudsak verte parkerte på det opphavlege parkeringsområdet. Her skal det byggjast fem nye ”togvarmepostar” som held toga varme når vêret er kaldt. Det vil også bli sett opp meir lys i dette området.

Fornying av teknisk anlegg
Store delar av det jernbanetekniske anlegget på Voss stasjon treng å fornyast, og dette arbeidet skal no også ta til.

Heile kontaktleidningsanlegget over ein strekning på om lag 650 meter skal skiftast ut. I tillegg skal fl eire av spora og sporvekslane skiftast ut. Dette krev at det vert gjort nødvendige tilpassingar i signal- og sikringsanlegget.

Anleggsperiode
Dei førebuande arbeida er allereie sette i gang. I byrjinga av april vil arbeida med å bore fundament til dei nye kontaktleidningsmastene ta til. Dette arbeidet vil gå føre seg frå starten av april til over påske.

Arbeida med hovudentreprisen begynner i september, og dei skal etter planen vere ferdige våren 2013.