Lysaker - Sandvika: Første salva skoten

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete fyrte tysdag 26. juni 2007 av den første dynamittsalva på den nye jernbanetunnelen mellom Lysaker og Sandvika. Med dette er den førebels siste delen av den store og viktige jernbaneutbygginga i Vestkorridoren starta. Ferdig utbygd vil toget gjere enda meir enn no for å redusere biltrafikken inn og ut av Oslo.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete fyrte av den første salva på tunnelen ved Engervannet i Bærum 26/6-07. (Foto: Øystein Grue)Nye spor vest for Oslo vi jamvel styrkje person- og godstrafikken på lengre avstandar og bidra til reduserte klimagassutslipp. Det nye dobbeltsporet mellom Lysaker og Sandvika vert 6,7 kilometer langt. 5,5 kilometer av strekninga skal gå i tunnel. Totalt vil det nye dobbeltsporet mellom Lysaker og Sandvika koste om lag 3,3 milliardar kroner (2008-kroner) og det skal etter planen så ferdig i 2011.

Den nye parsellen er ein del av dobbeltsporutbygginga gjennom Asker og Bærum. I 2005 vart strekninga Sandvika – Asker opna for trafikk. I fjor starta utvidinga av Lysaker stasjon frå to til fire spor, og nå er vi i gang med nytt dobbeltspor mellom Lysaker og Sandvika. Når denne parsellen står ferdig i 2011, vil toga bli fordelte på fire spor mellom Lysaker og Asker.

Kortare reisetid

I dag er kapasiteten på den gamle Drammenbanen heilt sprengd. Det fører til at toggangen vert uroa. I tillegg er det i dag ikkje mogleg å utvide togtilbodet slik at fleire kan reise kollektivt ut og inn av Oslo vestfrå. Når strekninga er ferdig utbygd, vil det vere mogleg å køyre 26 tog i timen i kvar retning mellom Asker og Oslo, mens grensa i dag går på 12 tog pr time. I tillegg til auka kapasitet og betre regularitet, vil nytt dobbeltspor til Lysaker gi ei reisetid med de raskaste toga frå Asker til Oslo på 18 minutt mot i dag 23 minutt. Til samanlikning bruker ein bilist i dag i rushtida i gjennomsnitt 54 minutt på same strekninga.

Bærum er eit av dei folkerikaste områda i landet, noko som gjer utbygginga både utfordrande og ressurskrevjande. Det er mange menneske som bur og ferdast rundt anlegget, og somme vil oppleve byggjeperioden som ubehageleg til tider. Jernbaneverket legg vekt på at alle som jobbar på anlegget, bidrar til å minimere ulempene for omgjevnadene. Det er laga eit eige miljøoppfølgingsprogram der Jernbaneverket stiller strenge krav til seg sjølv som utbyggjar og til deltakande leverandørar.

Fokus på tunneltryggleik

Cirka 800 000 kubikkmeter med sprengstein skal takast ut mellom Lysaker og Sandvika, og det skal tettast og sikrast. Jernbaneverket sine rutinar knytt til geologfagleg inspeksjon og oppfølging under tunnelproduksjonen er innskjerpa i dette prosjektet.