Fase 1 rapporten frå Cowi

Første fase i høgfartsutgreiinga vart ferdig i juli 2010. Firmaet COWI har skrive ein rapport som oppsummerer alt som har blitt gjort av utgreiingar dei siste åra. Denne rapporten danna grunnlaget for fase 2 og 3.

Rapporten peiker på ei rekkje område og problemstillingar som gjer det utfordrande å samanlikne dei forskjellige konsepta for høgfartsbane som er utvikla til no. Mellom anna er forskjellige berekningsmetodar brukte for å analysere marknaden og for å gjere økonomiske nytteanalysar. Dei forskjellige konsepta er heller ikkje greidde ut til same detaljnivå. Dette gjer at det er vanskeleg å seie at det eine konseptet er betre enn det andre.

Cowi-rapporten kjem med ei rekkje framlegg til framtidige berekningsmetodar som skal gjere det enklare å samanlikne resultata. Framlegga vert tekne med i neste fase.

Cowi-rapporten på norsk
Cowi report in English