Eigarskap til strategi, mål, verdiar og etikk
Vi skal alle kjenne til og kunne påverke måla for eige arbeid og eininga vi jobbar i.
Praksisen vår skal kjenneteiknast ved at reglar, lover og etiske retningsliner til kvar tid vert etterlevde.
Profesjonelle og pålitelege leiarar
Leiarane våre har ansvar for å forsterke vår kultur for tryggleik, grannsemd, samarbeid og resultatoppnåing.
Leiarane våre skal gjennomgå felles leiarutviklingsprogram tilpassa strategiane våre og ønskt kultur.
Engasjerte og kompetente medarbeidarar
Vi skal lykkast i å sikre kompetanse og bemanning ved å:
• tilpasse rekrutteringa til aktivitetsnivå og aldersprofil
• vere ein god arbeidsgivar som held på og tiltrekkjer seg medarbeidarar
Vi skal utvikle og inspirere våre tilsette ved å drive systematisk fagleg utvikling og leggje til rette for medverknad og involvering.
Ønskt kultur
Med organisasjonskultur meiner vi "måten vi gjer ting på her hos oss". Det tyder ikkje at vi berre har éin felles og einsarta kultur i heile Jernbaneverket. Vi er spreidde på ulike stader i landet, vi har ansvar for forskjellige oppgåver, vi har ulik utdanningsbakgrunn og yrkesrøynsle.