Ofte stilte spørsmål

Her har vi samlet noen av de spørsmålene som oftest stillles til Jernbaneverket.

Her har vi samla nokre av dei spørsmåla som oftast vert stilte til Jernbaneverket. Kva er skilnaden mellom Jernbaneverket og NSB?

Jernbaneverket skal drive og utvikle det norske jernbanenettet. Vi har blant anna ansvar for sporet, signalanlegga, informasjonen på stasjonane, vedlikehaldet og utbygginga av jernbanenettet i Noreg.


NSB AS er eitt av fleire selskap som transporterer passasjerar og gods på jernbanenettet. Jernbaneverket er forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet. NSB AS ber det forretningsmessige ansvaret for drifta, og finansierer investeringar gjennom eiga inntening eller låneopptak. Eigar av NSB AS er staten ved Samferdselsdepartementet. Samferdselsstatsråden er generalforsamling i selskapet.

Kva for selskap trafikkerer det offentlige jernbanenettet?

Jernbaneverket har i dag fleire selskap som gjennom sportilgangsavtaler får nytte banenettet. Desse er NSB AS, NSB Gjøvikbanen AS, Flytoget AS, CargoNet AS, Green Cargo AB, Malmtrafikk AS, Hector Rail AB, Ofotbanen AS, Peterson Rail AB, AS Valdresbanen og Tågåkeriet i Bergslagen AS.

Kor langt er det norske jernbanenettet?

Det offentlege jernbanenettet er på vel 4.000 kilometer. Om lag 80 prosent av trafikken vert avvikla med elektrisitet.

Kven eig stasjonane?

NSB AS eig dei fleste stasjonane. Det er jamvel NSB som trafikkerer dei. Jernbaneverket er ansvarleg for blant anna publikumsareal, tilgjenge, parkeringsplassar og andre fasilitetar som er naudsynte for brukarane av togtenester.

Kva gjer ein togleiar?

Togleiaren overvaker toga i trafikken og har ansvar for togframføringa over strekningane frå eit kontrollrom. Togleiaren stiller signala for inn- og utkøyring av tog på dei fjernstyrte strekningane. Togleiaren legg til rette for kryssingar mellom tog på enkeltspora strekningar.

Kva er ein trafikkstyrar?

På alle stasjonar utan fjernstyring arbeider trafikkstyraren som syter for sikker togframføring når toget passerer eller er på stasjonen. Trafikkstyraren har eit breitt raudt band rundt uniformslua.

Sel Jernbaneverket brukte sviller?

Jernbaneverket sel sjeldan sviller enkeltvis. Ofte er det private selskap som kjøper parti samla for vidaresal eller for destruksjon. Somme avfallsforretningar eller hagesenter kan i periodar ha sviller til sals. Brukte jernbanesviller er spesialavfall. Oppkjøpar skal derfor dokumentere at krava til spesialavfall er kjende, og at dei vert følgde opp etter overtakinga.