Kva gjer vi?

Kva gjer Jernbaneverket? Kva er Jernbaneverket sitt ansvar? Ein presentasjon av divisjonane og organisasjonskart finn du i menyen til venstre.

Mer på skinner! En presentasjon av Jernbaneverkets ansvar og oppgaver.

Jernbaneverket sin strategi 

Fokusområder

Jernbaneverket har bygd hovudmåla og strategiane sine rundt fire fokusområde. Desse fokusområda skal sikra eit balansert fokus på dei krav og forventningar som settast til Jernbaneverket si verksemd.

Dei fire fokusområda heng nøye saman.

Kunder og eigar steller krav til konkurransekraft og samfunnsnytte. Skal dette oppnåast må Jernbaneverket levere eit trafikksystem med høg kvalitet på tryggleik, punktlegheit og informasjon. For å prestere dette må Jernbaneverket gjere dei riktige tinga på ein riktig måte, noko som krevjer kompetente medarbeidarar og ein effektiv organisasjon.

Lest andre vegen er kompetente medarbeidarar og ein effektiv organisasjon ein føresetnad for riktige prioriteringar og gode arbeidsprosessar. Dette er såleis grunnlaget for å levera sikkerheit, punktlegheit og god informasjon. Ut frå dette skapast eit trafikksystem som gjer konkurransedyktig og samfunnsnyttig togtransport i Noreg. 
 
 

Fokusområde 1

Konkurransekraft og samfunnsnytte

Hovudmål

  • Leggje til rette for meir gods på bane
  • Bidra til auka marknadsdel for lokaltrafikk og mellomdistansetrafikk
  • Sikre effektiv kapasitets- og ressursutnyttjing
  • Være ein nøytral og aktiv infrastrukturforvaltar og kapasitetsfordelar
  • Betre Jernbaneverket sitt omdømme

 

Fokusområde 2

Tryggleik, punktlegheit og informasjon

Hovudmål

  • Oppretthalde det etablerte tryggleiksnivået for jernbanetransport, og sikre at alle endringar gjer utvikling i positiv retning
  • Sørgje for at alle tog kan halde ruteplanen
  • Sikre godt tilgjengeleg og korrekt trafikkinformasjon

 

Fokusområde 3

Produktivitet og prosesskvalitet

Hovudmål

  • Betre produktiviteten i alle ledd
  • Styrke og effektivisere feilrettingsberedskapen
  • Forbetre planleggjingsarbeidet

 

Fokusområde 4

Menneskje og organisasjon

Hovudmål

  • Sikre god og tilstrekkeleg kompetanse innan jernbanesktoren
  • Betre leiarskap på alle nivå
  • Ta omsyn til menneskjelege behov under omstilling
  • Betre og enklare styrings- og oppfølgjingssystem