Jernbaneverket har lagt fram ein førebels versjon av handlingsprogrammet for perioden 2010 – 2019. For dei einskilde åra vil det kome endringar i samband med handsaminga av statsbudsjettet.
På enkelte område er det framleis uvisse som tilseier at handlingsprogrammet vil bli revidert når dei viktigaste usikre punkta er avklarte. Dette gjeld blant anna gjennomføringa av prosjekt på Vestfoldbanen der Jernbaneverket har tilrådd ein del endringar i utbyggingsløysingane, men der det ikkje er avklart korleis dette påverkar andre utbyggingsprosjekt. Det er også knytt uvisse til løysingar for signal- og sikringsanlegg for prosjekt som skal gjennomførast før overgangen til nytt, felles, europeisk signalsystem, ERTMS, kan byrje. I tillegg er det knytt uvisse til naudsynte tiltak i samband med ny togframføringsforskrift.
Handlingsprogrammet er viktig for å sikre heilskapleg styring og prioritering av Jernbaneverket sine budsjettmidlar både i høve til ulike innsatsområde internt i etaten og i høve til samordning med innsatsen i andre etatar der det er felles grensesnitt eller gjensidig nytte av samtidige tiltak.
Dei ulike endringane i handlingsprogrammet kjem i samband med stasbudsjettet for kvart år.