Handlingsprogram 2010- 2019

12.10.2009 Jernbaneverket legg no fram ein førebels versjon av handlingsprogrammet for perioden 2010 – 2019. I haust må vi avklare nokre større utbyggingsprosjekt før handlingsprogrammet kan fastsetjast endeleg.

- Det har i tida frå utkastet til Handlingsprogram vart lagt fram i mai og fram til førebels fastsetjing av handlingsprogrammet no i oktober kome gledeleg mange innspel frå høyringsinstansane, seier Anita Skauge. Ein del av desse høyringsinnspela er det tatt omsyn til i  handlingsprogrammet.

Revideringar kjem


På enkelte område er det framleis uvisse som tilseier at handlingsprogrammet vil bli revidert når dei viktigaste usikre punkta er avklarte. Dette gjeld blant anna gjennomføringa av prosjekt på Vestfoldbanen der Jernbaneverket har tilrådd ein del endringar i utbyggingsløysingane, men der det ikkje er avklart korleis dette påverkar andre utbyggingsprosjekt. Det er også knytt uvisse til løysingar for signal- og sikringsanlegg for prosjekt som skal gjennomførast før overgangen til nytt, felles, europeisk signalsystem, ERTMS, kan byrje. I tillegg er det knytt uvisse til naudsynte tiltak i samband med ny togframføringsforskrift.

Handlingsprogrammet er viktig for å sikre heilskapleg styring og prioritering av Jernbaneverket sine budsjettmidlar både i høve til ulike innsatsområde internt i etaten og i høve til samordning med innsatsen i andre etatar der det er felles grensesnitt eller gjensidig nytte av samtidige tiltak.

Jernbaneverket vil kome attende til revideringar i handlingsprogrammet så snart desse er avklarte.