21.08.2007
Tysdag 21.august blei det sett fokus på reiseliv og mattradisjonar då både samferdselsministeren og landbruksministeren tok Bergenstoget. Dei 400 passasjerane i toget blei servert lokale smaksprøver frå 20 matprodusentar frå distrikta som toget køyrde gjennom.
Landbruksminister Terje Riis-Johansen markerte at maten og mattradisjonar skal bli ein enda viktigare del av norsk reiselivssatsing, medan samferdselsministeren fokuserte på tog og turistvegar i reiselivssatsinga.
Undervegs på togturen blei det haldt innlegg både frå dei to ministerane, frå Innovasjon Noreg, frå Olav Thon og frå lokale reiselivsfolk i Hallingdal. - Hallingdal er eit godt eksempel på at det blir ei stadig tettare kopling mellom mat og reiseliv i Noreg, og målet er at denne kombinasjonen skal bli eit enda meir attraktivt trekkplaster i tida som kjem, sa landbruksminister Terje Riis Johansen.
-Regjeringa har auka satsinga på reiseliv frå 100 til 200 millionar kroner. Nærings- og handelsdepartementet arbeider med ein nasjonal reiselivsstrategi, med vekt på utfordringar og mogelegheiter og på korleis samarbeid kan bidra til utvekling og bærekraftig vekst i næringane, sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete, som også vil setje fokus på tog og turistvegar som viktige element i reiselivet.
Bergensbanen er saman med sidelinja Flåmsbana eit av landets fremste reisemål.