Søkjelys på rassikring på Bergensbanen og Flåmsbana

06.12.2006 Jernbaneverket kartlegg systematisk alle banestrekningar med tanke rasfare. Dei banane som er mest utsette for ras, får sjølvsagt spesiell merksemd. No før jul vert det til dømes gjennomført ei systematisk kartlegging av rasfaren langs Vossebanen.

Frå arbeid med rassikring i fjellsida høgt over Flåmsbana. Foto: Inglin Lien ArnesenDen siste ulukkeshendinga som følgje av ras skjedde ved Kolsrud i Hallingdal i starten på november då nattoget spora av. Tidlegare i haust hadde vi også ei ulukke på Nordlandsbanen ved Lønsdal der eit godstog kjørte inn i eit steinras.


Sjølv om vi no opplever aukande skredfare, truleg pga. klimaendringar, er det ikkje noko nytt at banane blir stengde som følgje av ras. Dei første linjeomleggingane på Vossebanen, i perioden 1918-32, vart såleis gjennomførde for å flytta linja frå skredfarleg område og inn i tunnel. Også i seinare tider har tunnelløysing blitt vald for å unngå rasfaren, t.d. tre parsellar i nedre Hallingdal, ein parsell vest for Upsete, og linjeomlegginga Bolstadøyri - Dale på slutten av 80-talet.

Sikring mot ras
Rasoverbygg er det fleire av på Bergensbanen. Det nyaste stod ferdig i 2004, er 160m langt, og sikrar sporet på eit parti vest for Hallingskeid der det tidlegare har gått mange skred. Prislappen på det nye betongoverbygget vart på 30 millionar kroner, og det er klart at ikkje alle rasparti kan sikrast på denne måten. Eit godt alternativ er sikring med nett av ulike typar. Dei siste åra har derfor Jernbaneverket montert fanggjerde for stein og snø fleire stader både på Bergensbanen og Flåmsbana. I tillegg kjem nett i skjeringar for å sikra mot nedfall av is og stein. I 2005 og 2006 er det i alt gått med 22,7 mill. kroner til slik sikring på desse to banane.

Ein annan sikringsmetode som også er brukt på Bergensbanen, er bygging av vollar mot skred. I Tuftelia ved Geilo er det bygd opp jordvollar for å leia bort og stoppa snøskred før dei når linja, og ved Hallingskeid er det bygd ein voll for å ta unna steinsprang.

Ved Upsete kunne det tidlegare gå store snøskred frå Rustedalseggi 300m over sporet. Derfor vart det sett opp snøskjermar på toppen av egga, slik at drevsnøen i langt mindre grad la seg i den bratte, rasfarlege fjellskråninga. Etter at desse skjermane kom opp, har vi vore sparde for det store "Upseteraset".

På Bergensbanens vestre del er fleire parti, til saman 6km spor, dekt av rasvarslingsanlegg. Desse installasjonane består av gjerde som er plassert like ved sida av sporet. Dersom eit ras kuttar ein gjerdetråd eller får gjerdet ut av stilling, blir det automatisk stilt raudt signal mot tog som er på veg. Dermed kan lokomotivføraren bremsa ned og stoppa toget før det kjører inn i raset.

Beredskap
Jernbaneverket har ein kontinuerleg beredskap for m.a. å vera føre var når ekstrem nedbør kan ventast. Vêrprognosar er heilt sentrale i denne samanhengen, og oppdaterte meteogram gir oss gode prognosar for nedbør, temperatur, vindstyrke og –retning på fleire stader langs Bergensbanen, og dei andre banane. Det er innført prosedyrar der beredskapsnivået vert auka trinnvis i høve til varsla nedbør. Det er sett grenseverdiar for når det skal setjast inn ekstra tiltak. Dersom vi må rekna med at ekstremverdiane blir passerte, er det stor fare for jordskred, og banen skal stengjast for trafikk. Eit slikt tilfelle hadde vi på Bergensbanen i hausten 2005. På grunn av varsla ekstremnedbør vart Bergensbanen stengd mellom Myrdal og Arna 14. november 2005 kl.10. Litt seinare på dagen gjekk det eit stort jordskred som sperra både Vossebanen og E16 ved Langhelle, men trafikken var altså innstilt på førehand.

Ein annan, viktig del av beredskapen vinterstid er varsling av snøskredfare frå NGI (Norges Geotekniske Institutt).

Vi har tidlegare kartlagt skredfare på fleire parti langs banane, og i desse dagar føregår det systematisk kartlegging av skredfaren langs Vossebanen. Geologar er engasjerte for å vurdera både skjeringar ved sporet og liene ovanfor. Dette er ein del av eit prosjekt som omfattar kartlegging av alle landets banestrekningar. Når vi får konklusjonane frå ekspertane, vil vi innarbeida nye tiltak i planar for komande år.

Vedlikehald er viktig også innan fjellsikring, og Jernbaneverket vil ytterlegare styrkja dette arbeidsområdet i 2007.

Jernbaneverket og Meteorologisk institutt med samarbeidsavtale

Jernbaneverket og Meteorologisk institutt signerte onsdag 20.desember en rammeavtale om utveksling av værdata og samarbeid. Bakgrunnen er Jernbaneverkets økende behov for værobservasjoner og værvarsler som grunnlag for en trygg togtrafikk. Det skal også settes opp flere værstasjoner langs jernbanenettet.

Les mer