Miljørapport 2001

28.05.2002 Jernbaneverket har for femte år på rad utarbeida miljørapport for verksemda. Miljørapport 2001 presenterar status for miljøarbeidet i Jernbaneverket.


 
Jernbanetransport har miljømessige føremoner samanlikna med andre transportmiddel, særleg på grunn av lite luftforureining og støy. Satsing på jernbane og annan kollektivtransport gir dei reisande eit transportalternativ som er mindre miljøskadeleg, og medverkar dermed til å redusera dei negative miljøverknadane frå transportsektoren. Jernbaneverket ser det som viktig å styrka jernbanen sine miljøføremoner. Som ledd i dette pågår det arbeid med å kontrollera og redusera jernbanen sin totale miljøpåverknad m.a når det gjeld støy og inngrep i natur- og kulturmiljø.

Stikkord frå Miljørapport 2001

Jernbaneverket sitt miljøstyringssystem vart revidert i 2001. Jernbaneverket har for alle større utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt innarbeidd miljøoppfølgingsprogram. Det er utarbeida rettleiing til miljøoppfølgingsprogram for bygge- og anleggsperioden. Utarbeiding av rettleiing om miljøoppfølging i detaljplan- og prosjekteringsfase pågår.

Detaljkartlegging/tiltaksutredning av bustader som ein reknar med er utsett for jernbanestøy over grenseverdi starta opp i 2001 og er venta fullført i 2002. Prosjektering og iverksetjing av tiltak vil starta opp i 2002.

Det statlege prosjektet "Grøn stat" som Jernbaneverket har delteke i, vart avslutta i si opprinnelege form ved utgangen av 2001. Utarbeiding av ein nasjonal verneplan for kulturminne i tilknytning til jernbaneverksemda heldt fram i 2001.

Det er gjennomført energiøkonomiseringstiltak i samband med sporvekselvarme og omformarstasjonar i 2001.

Det er rapportert om 1750 dyr påkøyrt på jernbanen i 2001.