Straumgjerde held elgen unna

19.03.2012 I Hallingdal er det no teke i bruk ei ny, enkel og rimeleg løysing for å halde elgen unna sporet. Straumgjerde har synt seg svært effektive og kan vere løysinga på eit stort problem.

Elgterreng: Tog 61 passerer over Roppemoen i Flå som var svært utsett for elgpåkøyrsler. Det nye straumgjerdet er å sjå til venstre for sporet. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 
Langs Bergensbanen i Hallingdal kan løysinga som mange har leita etter for å redusere dyrepåkøyrslene, no vere funnen. 

- Vi har opplevd  straumgjerde som svært effektive, stadfester oppsynsmann Jon Anders Hefte på Ål. Det er no teke i bruk til saman åtte kilometer med straumgjerde langs Bergensbanen i Hallingdal, og fasiten er klar: - Det er ein svært kraftig reduksjon i talet på elgpåkøyrsler som tidlegare var eit stort problem på strekninga. Mellom Gulsviktunnelen og Haremotunnelen i Flå var det ei verstingstrekning for elgpåkøyrsler. På berre 2,3 kilometer bane vart det kvar vinter påkøyrt 15-20 elgar, i år er talet éin. – Årsaka er ikkje at det ikkje finst elg her lenger, for lokførarar fortel stadig om elg langs gjerdet, og spora i snøen er mange, fortel Hefte.
Elgspor ved gjerdet.  

Kraftig redusert problem

Opplysningane vert stadfesta av leiaren i ettersøkingsgruppa i viltnemnda i Flå, Kjell Sevre. – Eg har vore med i viltnemnda i 20 år, og vi merkar no den store reduksjonen i talet på elgpåkøyrsler veldig godt, fortel han. I Hallingdal har vi i dei verste vintrane vore oppe i 150 -160 elgpåkøyrsler, i fjor og i år har talet vore 16 -17. – Eg minnest vi hadde 60 påkøyrsler på veg og bane berre her i Flå, seier Sevre. Reduksjonen skaut fart for to år sidan da skogryddingsprosjektet langs banen kom i gang for alvor. Da registrerte vi 50 påkøyrsler, og saman med straumgjerda har dette hatt ein veldig god effekt slik at vi no er nede i 16-17 påkøyrsler. Det er klart at variasjonar i snømengder og trekkrutene til elgen også speler inn her, men vi ser altså spora, observerer elgen og registrerer den store nedgangen, seier Sevre.
 Kjell Sevre frå viltnemnda i Flå (tv) og oppsynsmann på Bergensbanen, Jon Anders Hefte, syner fram ein ny versjon av stolpane for straumgjerdet. - Ei enkel og rimeleg løysing, meiner dei to. <strong> Foto: Njål Svingheim</strong>

Ideen

I Hallingdal vart det for to år sidan organisert eit eige prosjekt med fleire samarbeidspartnarar for å freiste å få ned talet på dyrepåkøyrsler på veg og bane. Deltakarar er Jernbaneverket, Statens vegvesen, politi, viltnemnder, kommunar og ikkje minst grunneigarane. – Ideen til å ta i bruk straumgjerde kom eigentleg frå ein grunneigar som forsøkte dette for å halde elgen unna eit plantefelt, fortel Jon Anders Hefte. No har vi vidareutvikla dette og altså teke det i bruk på nokre av dei mest utsette strekningane langs både riksveg 7 og Bergensbanen. No skal vi snart ha eit evalueringsmøte der vi også skal vurdere kva for strekningar vi skal utvide tiltaket med, for dette blir det meir av. Jernbaneverket og Vegvesenet skal begge bidra med pengar til å setje opp straumgjerde på fleire utsette punkt i dalen.

Enkelt og rimeleg

Løysinga på elgproblemet er ganske enkel. Det vert montert eit elektrisk gjerde på toppen av det eksisterande trådgjerdet langs sporet. Gjerdet kan regulerast i høgda avhengig av snømengda, men det har minst seks straumførande trådar. Det må sjølvsagt da vere tilgang på straum i området. – Det er i dei fleste tilfella ikkje vanskeleg å skaffe straum i nærleiken av jernbanen, seier oppsynsmann Hefte. Elg som kjem inntil tråden, får dermed ein elektrisk støyt og held seg unna gjerdet. Mens eit permanent viltgjerde kjem på ca. 1100 kroner meteren, kostar straumgjerdet berre ca. 70 kroner per meter. – Men det set føre at gjerda vert kontrollerte jamleg, legg Hefte til. I Hallingdal vert det også framleis gjennomført meir tradisjonelle tiltak som utlegging av fôr og brøyting av skogsbilvegar.

Førebels er det sett opp straumgjerde mot elg langs Bergensbanen på strekninga Gulsvik – Haremo i Flå, sør for Svenkerid i Nes og på ei strekning vest for Gol stasjon. – Her i Flå har vi greidd å stanse elgen frå  å krysse jernbanesporet og har også sett av spora at han faktisk har byrja å bruke ein undergang og ei overgangsbru vi har leidd han til med gjerda, seier Hefte. No må vi nok vurdere å gjerde på begge sider av sporet på denne strekninga, fordi elgen neppe tar same vegen tilbake, legg han til.
Straumgjerdet får straum frå vanleg 220 V. Støyt er ubehageleg, også for elgen som dermed vel å snu i staden for å krysse jernbanen. <strong>Foto: Njål Svingheim</strong>

 

..