19.04.2012
Laurdag 21.april vert årets Skarverenn arrangert med start frå Finse stasjon. I løpet av nokre hektiske morgontimar skal fleire enn 12 000 deltakarar fraktast til start med tog.

Kapasiteten på høgfjellsstrekning a på Bergensbanen vert utnytta maksimalt for å frakte alle deltakarane til og frå rennet. Heile 40 ekstratog vert sette opp for også i år for å frakte skiløparane til start og frå mål. Dei fleste togsetta er av nivogners lokaltogsett av type 69D som kvart har ein kapasitet på 1350 passasjerar. Toga startar frå Gol, Ål og Geilo i tillegg til ekstratog frå både Oslo og Bergen.
Auka beredskap
Ruteplanleggjar Arne Rønhovde ved Jernbaneverket i Bergen opplyser at det vert skipa auka beredskap for å rette eventuelle feil på strekninga på renndagen. Driftsopplegget er laga i eit samarbeid mellom Geilo Idrettslag, NSB og Jernbaneverket og er basert på røynslene dei seinare åra. Det er stasjonane Geilo, Ustaoset, Haugastøl, Tunga kryssingsspor, og Finse som har den tettaste trafikken, men heile Bergensbanen har denne helga særs stor togtrafikk. –Vi har gode røynsler med dette driftsopplegget dei seinare åra, og vi fører derfor dette vidare også i år, seier Rønhovde. 
På renndagen laurdag pendlar toga fram og tilbake på høgfjellet heile dagen for å frakte deltakarane til og frå løpet. Det er ekstra bemanning på Ustaoset stasjon i samband med den store trafikken.
Dei aller fleste deltakarane startar frå Finse, men somme skal også gå frå Haugastøl. Innkomsten er på Ustaoset, og deretter er det togtransport tilbake til Geilo. På kvelden går det igjen ekstratog både til Oslo og Bergen. NSB må også køyre 9 tomme tog frå Oslo og Bergen for å bringe lokaltogsetta til rett stad før og etter sjølve rennet.