Store tiltak for meir robuste banar

10.02.2012 Jernbaneverket gjennomfører i 2012 fleire omfattande tiltak for betre skredsikring og meir robust jernbanenett. Bakgrunnen er stadig større klimautfordringar med meir nedbør og ekstremvêr.

 
Frå storflaumen som stengde Dovrebanen i juni 2011. <strong> Foto: Bjørn Iversen </strong>  
Både innanfor fornying og vedlikehald og innanfor investeringsprogrammet er det ei stadig opptrapping i aktiviteten som rettast inn mot å gjere jernbanelinjene meir robuste.

– Det toppa seg i 2011 med uvanleg mange driftsavbrot som følgje av ras, utglidingar og vatn i sporet, men vi har sett den same utviklinga over fleire år, seier Trond Børsting, rådgivar innan klimatilpassing i Banedivisjonen. Jernbaneverket har derfor gjennom fleire år arbeidd for å kartleggje rasfare og utsette område. Det er både utvikling av betre beredskaps- og visitasjonsrutinar og det at fornyinga og vedlikehaldet stadig vert retta meir inn mot konkrete tiltak som gjer nettet vårt meir robust, seier han.

I 2012 vert det gjennomført store arbeid for betre drenering i og ved jernbanen på både Dovrebanen, Bergensbanen, Nordlandsbanen, Ofotbanen og Østfoldbanen. I tillegg kjem ei rekkje rassikringstiltak fordelte over store delar av jernbanenettet. I 2012 er meir robuste banar leiande stikkord for  fornyingsinnsatsen i jernbanenettet.

Nye stader

- Skredvarsling kan ikkje lenger baserast på historiske data, seier Børsting. Vi ser at flom- og sørpeskred gir problem på heilt nye område, og andre stader ser vi at tidlegare bygde sikringstiltak ikkje lenger er tilstrekkelege. 

Saman med gode beredskapsrutinar, som den trinnvise beredskapen vår ved mykje nedbør, og den aukande satsinga på å gjere banane meir robuste mot klimaendringane, vil vi ikkje berre betre tryggleiken, men også få betre regularitet og redusert sårbarheit, seier Børsting.

Jernbaneverket samarbeider med ei rekkje aktørar i dette arbeidet, blant anna NVE, Statens vegvesen og Meteorologisk institutt.

Nylig vart det halde eit seminar av ESRA Norge (Norsk forening for risiko- og pålitelighetsanalyser) med fokus på klimaendringar og kva for utfordringar og tiltak som dette fører med seg for transportsektoren og jernbanen. Med på seminaret var 50 deltakarar frå ei rekkje faginstansar og transportselskap som blant anna Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Statens jernbanetilsyn, Statens Havarikommisjon, DNV, NSB, CargoNet og Jernbaneverket. – Det vert i tillegg til betre tryggleik også lagt vekt på å redusere sårbarheita knytt til klimaendringar, seier Børsting, som på seminaret presenterte arbeidet i Jernbaneverket som er knytt til at jernbanenettet skal verte meir robust.