Ny fjernstyring på Bergensbanen

17.04.2012 I månadsskiftet mai-juni vert nytt fjernstyringsanlegg kopla inn på heile Bergensbanen. Så langt er strekninga Bergen – Geilo teken i bruk og røynslene er gode.

 Tog 602 vest for Dale. <strong> Foto: Njål Svingheim</strong>

Systemet som sørgjer for fjernstyring av stasjonar og signal på Bergensbanen vert no skifta ut. Det gamle ECTC-anlegget frå 1979 kan ikkje lenger utvidast, og det er heller ikkje lenger råd å skaffe delar til det. – Det er derfor på høg tid at Bergensbanen, som den siste av hovudstrekningane, no får nytt fjernstyringsanlegg, seier prosjektleiar Kjell Atle Gullbrå. Arbeida har gått føre seg i tre år, og frå i fjor har stasjon for stasjon vorte ferdig oppgraderte og kopla inn på den nye fjernstyringa av typen Vicos.    Prosjektleiar Kjell Atle Gullbrå i Jernbaneverket.

Siste etappe

Midt i april er no alle stasjoner frå Bergen til og med Geilo kopla inn på ny fjernstyring. Siste etappe vert dermed strekninga Hol – Hønefoss. Togleiar Anita Hordnes er nøgd med endringane. – Det er ei klar betring for oss togleiarar. Det nye anlegget gir oss langt meir informasjon enn det gamle, og det er også veldig enkelt og brukarvenleg å betene, seier ho. No kan togleiaren sjå meir detaljerte skjermbilete frå stasjonane, få meir informasjon om kvart enkelt tog og dermed blir det meir oversiktleg. Med det nye  CTC-anlegget vil ein også kunne få betre oversikt ved avvikssituasjonar, noko som igjen fører til at togleiarane enklare kan gjere prioriteringar som gir ein så smidig trafikk som mogleg.Togleiar Anita Hordnes er nøgd med det nye fjernstyringssystemet.

Det gamle ECTC-anlegget var også eit driftssikkert anlegg, men det har vorte stadig færre som har tung kompetanse på det gamle systemet, og når feil oppstår, kan det vere veldig krevjande å finne feilen. I enkelte tilfelle har ein brukt månader på å finne feil, og innimellom har det og ført til stans i togtrafikken, seier prosjektleiar Gullbrå.

Nye moglegheiter

Det nye anlegget er av typen Vicos og vert bygd av Siemens. Anlegget skal vere med og betre både punktlegskap og kapasitet på Bergensbanen og tilhøyrande banestrekningar.  Systemet som er valt for Bergensbanen, vil til skilnad frå andre nyare CTC-anlegg også få indikering frå blokkpostar og ikkje berre frå stasjonar. Blokkpostar er stader som ligg mellom stasjonane og som deler strekningane opp i fleire avsnitt for å auke kapasiteten. 

Kontrakten med Siemens AS omfattar prosjektering og bygging av nytt fjernstyringsanlegg for Bergensbanen frå Hønefoss til Bergen og er på 61 millionar kroner. Bergensbanen skal framleis fjernstyrast  frå togleiarsentralen i Bergen, men systemet skal knytast opp mot den tekniske sentralen i Drammen. - Det tyder at i spesielle tilfelle kan togleiarområda overta oppgåver for kvarandre, og det gir dermed ein fleksibilitet vi ikkje hadde før, seier prosjektleiaren.

Også IP-nett

Samtidig med utskiftinga av det gamle fjernstyringsanlegg på Bergensbanen får banen også det mest moderne kommunikasjonsanlegget i landet. Som første strekning får Bergensbanen eit eige IP-nett over fiberoptisk kabel som sambandssystem, fortel Kjell Atle Gullbrå. Dette nettet skal også brukast til høgtalarinforasjon og anvisartavler på stasjonane. Det har høg kapasitet og oppetid og er ikkje utsett for elektromagnetisk støy slik dei gamle koparkablane var. Dette er aktuelt å innføre også på andre banestrekningar, seier han. IP-nettet gjer det faktisk også mogleg å få opp heile skjermbiletet som togleiaren har frå alle stasjonar, og slik blir det også meir effektivt og enklare å gjere sluttkontrollar i signalanlegget, seier Gullbrå.

I månadsskiftet mai-juni når altså den nye fjernstyringa fram til Hønefoss, og det gamle anlegget kan slåast av.

Bakgrunnsfakta:

Dei første CTC-anlegga kom i drift i USA før krigen og bidro til effektivisering av togtrafikken over heile verda då CTC i prinsippet gjer at alle stasjonane alltid er “betjent” og kan ta kryssingar og ekspedere tog. I Norge var det Ofotbanen som var første strekning med CTC i 1963.