Marnardal stasjon vert oppgradert

10.07.2012 Marnardal stasjon på Sørlandsbanen gjennomgår no ei omfattande modernisering. Stasjonen får nye, høgare og lengre plattformer med tilgjenge for alle.

Den nye mellomplattforma er snart klar for asfaltering og det vert nå bygd nå ramper for tilgjenge til venterommet. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 
Marnardal stasjon i Vest-Agder har aukande trafikk, men hadde korte og låge plattformer. I tillegg var mellomplattforma i smalaste laget. No vert det bygd to nye plattformer i 220 meters lengd med standardhøgd på 76 centimeter. Det vil gi lettare tilgjenge til toget og betre og tryggare av- og påstigingsforhold. Samtidig vert det bygd nytt kontaktleidningsanlegg gjennom stasjonen, og eit sidespor blir fornya. – Arbeidet går fint framover, og samarbeidet med entreprenørar og leverandørar fungerer godt, seier byggjeleiar Røy Ramsland. – Det å byggje plattformene så mykje høgare enn dei gamle fører også med seg ei utfordring inntil bygningane. – Her unngår vi akkurat å komme opp på kledningen til relehuset, men vi må leggje ei eigen overvassleidning og leggje inn dreneringssluk i plattforma lags bygningane, seier Ramsland.Prosjektleiar Sigurd Grønningsæter (tv) og byggjeleiar Roy Ramsland (t.h)

20 år sidan sist

For nøyaktig 20 år sidan, i 1992, vart det bygd nytt og lengre kryssingsspor på Marnardal, også den gongen var Ramsland med. – Det er jo ein stor fordel å kjenne anlegget god, og det vart også gjort ein god jobb den gongen, slik at vi visste kva vi gjekk til da anlegget byrja, seier Ramsland. Prosjektleiar Sigurd Grønningsæter fortel at dokumentasjon og planar frå 1992 har gjort at planlegginga denne gongen har gått veldig greitt. – Vi har hatt stor nytte av at det i jernbanesamanheng ikkje er så veldig lenge sidan sist det vart arbeidd på stasjonen, seier han.

I tillegg til plattformene vert kontaktleidningsanlegget bygd om med ti nye åk, og på grunn av den nye plattforma må også spora flyttast litt. – Spor tre skulle også flyttast, og det viste seg da nødvendig å fornye det samtidig, fortel Ramsland. Plattformene på Marnardal får også nytt belysningsanlegg.
Det er i anleggsfasen også bygd ei mellombels plattform for spor to, og det har vore planlagt slik at anlegget vert gjennomført utan saktekøyringar for togtrafikken. Dei byggjetekniske arbeida vert utførte av entreprenøren Kaspar Strømme, mens Norsk Jernbanedrift byggjer spor og kontaktleidningsanlegg. Til saman kostar oppgraderinga av Marnardal stasjon rundt 25 millionar kroner.

Dei nye plattformene vert både lengre og høgare enn dei gamle. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>