Lys i tunnelen

10.07.2012 I den 8474 meter lange Hægebostadtunnelen på Sørlandsbanen vert det no montert nødlys. Jernbaneverket er i gang med å byggje slike lys i alle lengre tunnelar.

Frå munninga av Hægebostadtunnelen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>Hægebostadtunnelen mellom Audnedal og Snartemo er den fjerde lengste jernbanetunnelen i landet. Ved opninga av Sørlandsbanen i 1944 var det berre nabotunnelen Kvineshei med sine 9065 meter som var lengre. Seinare har Romeriksporten, Lieråsen og Finsetunnelen kome til. Dei nyare tunnelane har alle belysning, mens Kvinesheitunnelen som den første av dei gamle fekk dette i fjor. Anlegget med nødlysmontering i Hægebostadtunnelen har gått føre seg sidan i vinter, og planen er at lyset kan slåast på i oktober.

Alle over 500 meter

Sørlandsbanen vest for Kristiansand er kjenneteikna av dei mange lange tunnelane der banen går på tvers av dalføra vestover mot Rogaland. – Det skal monterast belysning i alle tunnelar som er over 500 meter, fortel prosjektleiar Ingar Uldal. Vi byrja med våre to lengste tunnelar her på Sørlandsbanen, nemleg Kvineshei og Hægebostad. – Det er klart at dette blir ein stor fordel dersom eit tog skulle bli ståande inne i tunnelane av ein eller annan grunn og passasjerane for eksempel må over på eit anna tog. Opplevinga av ei reise gjennom di lange tunnelane blir også annleis når det er lys i dei.

Kvar 10. meter

- Vi har montert lyspunkt for kvar tiande meter gjennom heile tunnelen, fortel Odd Ågedal og Roald Lislevand som har utført jobben. –Vi hadde nok e oppleving av at det var langt gjennom da vi byrja i vinter, men no står berre rundt 30 punkt att, og så er jobben gjord.

Lyspunkta er LED-lys som skal stå på heile tida. Dei bruker lite straum (3W) og vert forsynte gjennom køyrestraumen via transformatorar. I Hægebostad er det sett inn seks transformatorar i nisjar i tunnelveggen, og det er trekt 19 kilometer med kablar for å få på plass belysninga. I tillegg er tunnelen no utstyrt med skilting som viser avstanden ut i begge retningar. Nødlyset får også ei reservestraumforsyning slik at det alltid skal verte lys.

Inne tunnelen finst det nisjar i tunnelveggen som har plass til transformatorane, og det har derfor ikkje vore nødvendig med sprengingsarbeid. – Arbeida med Kvineshei- og Hægebostad-tunnelane har gitt oss nyttige røynsler å ta med vidare, seier Ingar Uldal. Neste tunnel blir etter planen Grohei like vest for Kristiansand.
Over: Lyspunkta er montert for kvar 10.meter. Under: Transformatorar er satt inn i slike nisjer i tunnelveggen (Foto: Njål Svingheim)