03.05.2012
Jernbaneverket meiner oppsetjing av viltgjerde og betre varslingsrutinar og dialog med reindriftsnæringa er dei beste tiltaka mot dyrepåkjørslar. 59 tamrein blei nyleg påkjørte ved Eiterstraum.

Ved påkjørselen ved Eiterstraum sist søndag var ikkje flokken vasla til Jernbaneverket. - Vi opplever dyrepåkjørslane på Nordlandsbanen som ei stor belastning også for våre folk, seier assisterande banesjef Jan Birger Almåsbro. Alle har vi same mål, nemleg å få ned tala på slike påkjørslar, seier han. Jernbaneverket opplever å ha ein god dialog med reinbeitedistrikta, og vi har saman med reindriftsnæringa laga prioriteringslister for kor det skal setjast opp gjerde. Strekninga ved Eiterstraum der dei siste påkjørslane har skjedd, er ikkje på denne lista, og vi vil no diskutere med næringa om prioriteringslista frå 2010 bør justerast, seier Almåsbro.
Tiltak
Jernbaneverket har sett inn fleire tiltak for å redusere dyrepåkjørslane på Nordlandsbanen. Ei fire kilometer lang strekning på Saltfjellet har til no fått reingjerde og strekninga Semska – Sørelva har vore høgast prioritert. Nummer to på prioriteringslista har vore strekninga Majavatn – Homvassdal der to tunnelar gjer at gjerda kan leie reinen til trygge kryssingspunkt. Her er det planlagt oppsetjing av gjerde i løpet av 2012. Deretter følgjer ei strekning mellom Harran og Lassemoen. – Vi er samde med reindriftsnæringa om at gjerde er det einaste effektive, permanente tiltaket, seier Almåsbro, I tillegg til planlegging og oppsetjing av gjerde har vi også sett inn fleire akutte tiltak, fortel Almåsbro.
Jernbaneverket gir tilskot til bruk av helikopter i samband med samling og flytting av reinen mellom sommar- og vinterbeite, og vi innfører redusert fart på strekningar når reineigarar varslar om dyr langs linja.
I tilfellet ved Eiterstraum der 59 dyr blei påkjørte, var vi ikkje varsla, seier Almåsbro. Torsdag skjedde ein ny påkjørsel i same område, og dette viser kor vanskeleg dette er, seier han.
Jernbaneverket vil halde fram med å arbeide med planlegging og oppsetjing av gjerde på utsette strekningar av Nordlandsbanen og ønskjer ein god dialog med reindriftsnæringa om dette.
