Åtvaring til skiløparar på høgfjellet

10.02.2012 Grunna store snømengder og manglande snøoverbygg ber vi reisande og skiløparar om å vera spesielt forsiktige i området rundt Hallingskeid stasjon.

Ikkje gå i eller kryss jernbanesporet!

Hald god avstand til kontaktleidningsanlegget!

 

Toget kjem stilt og dersom du skulle vere i sporet eller kryssar det, vil dei høge snøkantane gjera det venskeleg å kome unna. Hugs at det også er også annan trafikk på sporet enn dei persontoga du finn rutetabellen. Leidningsanlegget fører 15000 volt. Nærkontakt med høgspenningsanlegg medfører livsfare. Når det er mykje snø, kan du koma nærmare høgspenningsanlegget enn elles, hald derfor god avstand.

Jernbaneverket ønskjer deg fine og trygge dagar på høgfjellet!