-Jernbaneverket bør overta godsterminalane

17.04.2012 Jernbaneverket bør ta over godsterminalane og setje drifta ut i konkurranse. Slik kan det leggjast til rette for meir gods på bane og konkurransenøytrale terminalar, konkluderer ei ny utgreiing.

 Terminalen på Nygårdstangen i Bergen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>

Jernbaneverket har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet greidd ut konsekvensane av ei statleg overtaking av godsterminalane. Bakgrunnen er ønsket frå departementet om å leggje til rette for auka godstrafikk på jernbane. I dag er det berre den nye Ganddal godsterminal ved Stavanger som vert ått av staten ved Jernbaneverket. Der er terminaldrifta er sett ut i konkurranse. - Erfaringane med den modellen som er vald på Ganddal er gode, seier Stein O Nes i staben til Jernbanedirektøren.  Dei andre terminalane i landet, med unntak av spesialterminalar( f.eks. tømmer, bilar ol),  vert  i hovudsak drifta av togselskapet CargoNet. På fire terminalar driftar både CargoNet og Cargolink.

Klar tilråding

Gjennom utgreiinga er situasjonen på alle terminalane i  landet gjennomgått og det er halde møte med både eigarar og aktørar på terminalane. Også røynslene som er gjorde med tilsvarande konkurranseutsetjingar i Sverige er tekne med i vurderingane. – Vi tilrår på bakgrunn av dette at Jernbaneverket tek over ansvaret for  terminalane, og at alle areala på desse vert disponerte samla av terminaloperatøren.  Slik meiner vi ei samfunnsøkonomisk utnytting av desse knappe areala best kan sikrast, seier Stein O Nes.

På terminalane i Narvik og Alnabru er det nødvendig med store investeringar i ein framtidig terminal. På desse er hovudplanane for ombygging ferdige, og detaljprosjektering må gjennomførast så fort som mogleg. Også på desse terminalane viser utgreiinga at eigarskapen kan overførast til Jernbaneverket. For Alnabru tilrår Jernbaneverket at det bør vurderast å setje ut både investeringar og drift av terminalane som ein kombinert utbyggings- og driftskontrakt. - På den måten vil ein kunne sikre god koordinering og at utbyggingane ikkje hindrar den daglege drifta, seier Nes.

Dårleg tid

- Kombitransporten på jernbane er prega av sterk konkurranse, og det er derfor viktig å få ei snarleg avklaring av korleis drifta av terminalane best kan utførast for å leggje til rette for samfunnet sitt mål om meir gods på bane. Vi meiner at vi med denne modellen får ei tydeleggjering av roller og ansvar mellom terminaloperatør og togselskap, seier Nes. – Dette kan også forenkle innføringa av eventuelle støtteordningar til terminaldrift, noko som vil vere viktig for å få overført meir trafikk til bane, seier han. Jernbaneverket rår til at dei første terminalane kan overtakast av staten og drifta setjast ut i konkurranse frå neste år.

Utgreiinga er no oversend Samferdselsdepartementet for vidare behandling av saka.

Oversikt over terminaler for kombitrafikk med terminaloperatør i dag:

•Oslo/Alnabru:  CargoNet AS, Motortransport AS             
•Drammen-Nybyen:  CargoNet AS
•Drammen – Sundland:  Rail Terminal Drammen
•Drammen - Holmen : CargoNet AS
•Kristiansand-Langemyr: CargoNet AS
•Stavanger/Gandal : Terminaldrift AS (ått av JBV, drifta sett ut i konkurranse)
•Bergen- Nygårdstangen:  CargoNet AS, AS Biltransport
•Åndalsnes: CargoNet AS
•Trondheim – Brattøra: CargoNet AS, Motortransport
•Mo i Rana: CargoNet AS
•Bodø: CargoNet AS
•Fauske                 CargoNet AS
•Narvik CargoNet AS, Motortransport AS    
        
I tillegg er terminalane i Bergen –Minde, Mosjøen og Skien-Borgestad delvis tilrettelagde for kombitrafikk, men vert ikkje nytta til dette i dag. Med kombitrafikk meiner vi godstrafikk der konteinarar eller semihengarar (trailerhengarar) vert lasta over frå bil til tog.