Stor fornying fullført på Åndalsnes

09.06.2011 Jernbaneverket og ROM eiendom har gjennom dei siste åra gjennomført ei omfattande oppgradering og modernisering av Åndalsnes stasjon. Det nye stasjonsanlegget er no ferdig og vart offisielt opna av 8.juni.

 Åndalsnes stasjon med fornyet stasjonsbygning, plattform og jernbanepark. <strong> Foto: Leif J. Olestad </strong>

Stasjonsbygningen er bygd kraftig om og modernisert med nye publikumsareal. Spor og plattformer er fornya, og no er også jernbaneparken i Åndalsnes ferdigstilt. 

Åndalsnes stasjon er dermed på ein langt betre måte enn tidlegare rusta til å ta imot den aukande straumen av turistar som vil reise med tog gjennom den ville og vakre Romsdalen, under Trollveggen, over den berømte Kylling bru ved Verma, gjennom vendetunnelen ved Stavem og opp til Bjorli. I sommarsesongen er Raumabanen ein viktig turistbane og attraksjon på Nordvestlandet.

Komplett skysstasjon

Sjølve stasjonsbygningen vart ferdig fornya for to år sidan, mens plattformanlegg og jernbanepark vert fullførte no i desse dagar. Anlegget skal opnast offisielt av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa onsdag 8. juni. – Jernbaneparken er oppgradert med ein del av dei same elementa som den opphavlege jernbaneparken i Åndalsnes hadde, fortel prosjektleiar Ivar Olsen i Jernbaneverket. Åndalsnes stasjon har bussamband med blant anna Ålesund, Molde og Kristiansund, og det har også blitt betre omstigingsforhold mellom tog og buss. I Åndalsnes er det også, på same måte som i Flåm, mogleg med direkte overgang mellom cruiseskip og tog.  

Den moderniserte stasjonen vart opna av samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa 8.juni.

Forutan ny park med tilhøyrande element har Åndalsnes stasjon no fått to spor til plattform, plattformene er utstyrte med nye monitorar, lysanlegg og høgtalarar. Plattformene er heva og har fått nytt dekke. - Til saman har Jernbaneverket brukt 19 millionar kroner på stasjonstiltak på Raumabanen, det aller meste av dette på Åndalsnes stasjon, opplyser prosjektleiar Ivar Olsen.  

Frå 28.mai til 28.august vert det køyrt eigne turisttog på Raumabanen mellom Åndalsnes og Bjorli. Desse toga køyrer sakte eller stoggar ved flotte utsiktspunkt og har guiding på fleire språk om bord.

Persontog på Kylling bru ved Verma. <strong>Foto: Leif J Olestad</strong>

 

 

Åndalsnes

Les mer