Nytt spor over fjellet

26.08.2010 Dovrebanen får no nytt spor over heile fjellstrekninga. Arbeidet med å skifte ut sviller, skjener og pukk starta frå Fokstua stasjon i byrjinga av august, og midt i september skal Hjerkinn vere nådd.

Sporombyggingstoget legger nye betongsviller ned i sporet, fjerner gamle skinner og sviller og legger nye skinner plass. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>

I desse dagar passerer sporombyggingstoget Vålåsjø der det også vert arbeidd med eit nytt kryssingsspor.  – Banen over Dovrefjell får no topp standard med nye sviller og 60-kilos skjener, fortel prosjektleiar Tove Fjorden i Jernbaneverket. 

Det tyske sporombyggingstoget frå sporentreprenøren Leonhard Weiss AG jobbar seg nordover Dovreplatået med ein fart på dryge 300 meter i timen. Framføre toget ligg slitne tresviller frå 1960-talet og skjener frå 1970-åra. Bak det ligg eit heilt nytt spor med betongsviller og skjener med ei vekt på 60 kilo per meter. Jobben startar grytidleg kvar morgon. Når nordgåande nattog passerer, står anleggsfolka klare, og arbeidet byrjar straks toget har passert. Prosjektleder Tove Fjorden.

Normalt klarar dei å fornye 720 spormeter per skift og det doble i helgane når togtrafikken er mindre. Det er ikkje bare sjølve sporet arbeidet femnar om, men alt av koplingar til signalanlegg og kontaktleidning må også koplast om. Dette er eit travelt og krevjande etterarbeid som må vere fullført til neste tog skal sleppast over strekninga.  

Det går også føre seg eit program med utskifting av kontaktleidningsstolpane over fjellet.

Heile fjellstrekninga


I fjor vart Jernbaneverket ferdig med å fornye sporet på strekninga frå Dombås og opp til Fokkstua stasjon. I år vert dette ført vidare nordover til Hjerkinn, og neste år skal jobben nå fram til Kongsvoll. Dermed får den dryge fem mil lange fjellstrekninga på Dovrebanen heilt nytt spor og skinnegang av ”Gardermobanestandard”.    

– Heile prosjektet på denne strekninga i år kostar rundt 90 millionar kroner, fortel prosjektleiar Tove Fjorden. Da er både kontrakten for køyring av sporombyggingstoget og alt av materiell teke med. Frå Fokkstua til Hjerkinn er det ca. 20 kilometer, og det går med 34.000 sviller som underlag for dei nye kraftige 60-kilos-skjenene. Sporombyggingstoget skiftar også ut pukkballasten eit stykke under svillene. 

  

Lang rekke: Sporombyggingstoget består av en rekke maskiner som til sammen etterlater seg et komplett fornyet og ferdig pakket spor. <strong> Foto: Njål Svingheim</strong> 

Logistikk

For å halde sporombyggingstoget i drift krevst ein omfattande logistikk for å sikre at alt av utstyr og materiell er på rett plass til rett tid.  I samband med sporombyggingstoget vert det køyrt to pukktog i trafikk frå eit pukkverk nord for Oppdal. Det vert køyrt tog med nye skjener som vert lagde ut langs det gamle sporet på førehand, og det vert køyrt tre tog i veka med sviller frå fabrikken på Hensmoen ved Hønefoss. Om lag 50 personar er til saman med i arbeidet for å byggje om sporet på Dovrebanen over fjellet. Når Hjerkinn vert nådd i midten av september, er det meininga å halde fram med sporfornyinga vidare mot Kongsvoll neste sommar.

Hakk i hæl med sporombyggingstoget kommer Jernbaneverkets MZ-lok med pukktog. <strong> Foto: Njål Svingheim</strong>