13.03.2010
Nordlandsbanen blei laurdag kveld 13.mars opna att frå Trofors til Mosjøen etter raset som gjekk der tidlegare i veka.
Det var store nedbørmengder som førde til at ei fylling under jernbanen raste ut måndag 8. mars. Det måtte tilførast store mengder ny stein for å byggje opp att jernbanefyllinga på staden. Raset førte til store problemer for både gods- og passasjertrafikken på strekninga.
Arbeidet med å byggje opp att jernbanen etter raset tok lengre tid enn venta på grunn av nye store nedbørmengder medan arbeidet gjekk føre seg.