Ny haldeplass på Rognes

19.11.2009 20.november blir den nye haldeplassen på Rognes på Rørosbanen opna. Den nye haldeplassen har ei 100 meter lang plattform og er lagt til rette for alle brukarar. Dette er den andre nye haldeplassen som blir opna i Gauldalen i haust.

Rognes nye haldeplass. <Strong> Foto: Stein Ranøien </strong> 
Den gamle haldeplassen på Rognes hadde berre ei låg og kort treplattform. Frå og med fredag 20.november blir den nye plattforma teken i bruk. Ho er utstyrd med ei 100 meter lang plattform, leskur, sykkelstativ og parkeringsplass med ladestasjon for el-bilar.

Haldeplassen ligg i Midtre Gauldal kommune. For tre veker sida opna og den nye haldeplassen på Langlete i Haltdalen, litt lengre sør.

Internettsida for Rognes haldeplass.