07.12.2009
Vestfoldbanen blei opna for normal trafikk klokka 16 etter
at ein lastebil med kran måndag føremiddag tok opp i jernbanebrua i Eckersbergs gate i Tønsberg og løfta brua ut av stillinga si.
Ca. Klokka 09.20 køyrde ein containerbil seg fast i undergangen i Eckersbergsgate i Tønsberg. Lastebilen køyrde med krana oppe og ho reiv ned ein stålbjelke og løfta brua ut av stilling.
Klokka 16 var mannskapar frå Jernbaneverket ferdige med å utbetre skadene slik at toga kan passere brua med redusert fart.
Mens banen var stengd blei det køyrd buss for tog mellom Tønsberg og Stokke.