Hommelvik - Hell stengd etter avsporing

28.11.2009 Ingen personar vart skadd då eit lokaltog på veg frå Steinkjer til Trondheim køyrde på ei steinblokk og spora av like sør for Hell stasjon ved 13-tida laurdag 28.november. Nordlandsbanen blir difor stengd mellom Hommelvik og Hell inntil toget er trekt vekk frå staden og fjellet undersøkt av geolog.

Det køyrast bussar for tog forbi rasstaden inntil banen opnast att.