Storstilt skogrydding i gang

19.11.2008 Jernbaneverket satsar no ca. 150 millionar kroner på skogrydding langs banestrekningane i landet. Denne hausten har det storstilte skogryddingsprogrammet starta opp for fullt på Gjøvik- og Bergensbanen. Alle banar skal ryddast dei neste fem åra.

- Det viktigaste er å hindre at vind og snø fører til trenedfall på spor og leidningar, seier prosjektleiar Morten Tanggaard. I tillegg får vi betre sikt og større reiseoppleving for passasjerane, seier han.

Skogryddingen blir effektivt utført med store skogsmaskiner. Foto fra Gjøvikbanen. Foto: Geir Aasheim

Det er gjort ei grundig kartleggjing av skogen langs alle banestrekningane i landet. I Noreg er det vel 4000 kilometer jernbane, og skogryddingsprosjektet vil gå føre seg på meir enn 3000 av desse kilometerane dei neste åra. Kartleggingane har vist at det er nødvendig å hogge systematisk over lengre strekningar for å få kontroll med vegetasjon og gjengroing.


På grunn av kraftig vind og tyngre snøfall har vi hatt for mange tilfelle der togtrafikken har blitt ramma av straumbrot etter at tre har falle over kontaktleidningane, seier Tanggaard. No tar vi eit skikkeleg tak i dette og gjennomfører den største innsatsen med skogrydding som nokon gong er gjort. I tillegg får vi også betre sikt ved planovergangar, det blir betre sikt til skilt og signal langs linja og det blir enklare å sjå dyr lang sporet. Hogsten langs sporet vil også opne landskapet for togpassasjerane og reiseopplevinga vil også bli større, legg Tanggaard til.

Gjøvikbanen først ut
DDen første heile strekninga som blir rydda systematisk, blir Gjøvikbanen. Denne banen vert no rydda nå i si fulle lengd frå Gjøvik til Grefsen i Oslo. Arbeidet er i gang og vert utført ved hjelp av store skogsmaskiner. Banen vert stengd nokre timar mens ryddinga går føre seg. – På den måten blir dette mest effektivt, seier Tanggaard, som fortel at alle dei store skogryddingsoppdraga er bestemt lagde ut på anbod. På Gjøvikbanen aleine vert det no nytta ti millionar kroner på dette. Heile banen skal vere rydda i ei breidd på 15 meter ut frå sporet på kvar side før neste sommar.

Nyleg har også tilsvarande arbeid starta opp på Bergensbanen i Hallingdal. Der skal heile den 160 kilometer lange strekninga frå Hønefoss til Geilo ryddast for skog. Dette vil også ha en stor effekt for alle turistane som reiser med Bergensbanen. – Vi har allereie fått positive tilbakemeldingar frå togselskapa og frå reiselivsnæringa, seier Morten Tanggaard.

Mellom Lunde og Neslandsvatn på Sørlandsbanen er også skogryddinga i gang. Her skal 43 kilometer ryddast i samarbeid med BaneEnergi som har ryddebehov for si høgspentlinje som går parallelt med jernbanen.

Andre banar der skogryddinga anten er i gang eller vil starte opp snarleg, er på nokre utsette delar langs av Rørosbanen og som reiselivstiltak på Raumabanen. Også på Dovrebanen er det meininga å starte opp i 2009.

Når dette storstilte skogryddingsarbeidet er foretatt, har Jernbaneverket laget beregninger som viser at vil koste cirka 14 millioner kroner i året å holde skogryddinga langs sporet ved like.

Når dette storstilte skogryddingsarbeidet er ferdig, har Jernbaneverket laga utrekningar som viser at det vil koste cirka 14 millionar kroner i året å halde skogryddinga langs sporet ved like. Til saman utgjer det arealet som skal hoggast 70.000 mål med skog. Kartlegginga tar også omsyn til område med verneverdige artar slik at ein tar vare på det biologiske mangfaldet.

Fakta:

  • 3000 km bane skal ryddast
  • Kostnad: 150 millionar kroner
  • Ryddar i 15 meters breidd ut frå sporet
  • Ryddinga femnar om 70.000 mål
  • Hindrar at tre fell over spor og leidning
  • Gir betre sikt for lokførar til signal og skilt
  • Gir betre sikt ved planovergangar
  • Aukar reiseopplevinga