Stor satsing for tryggare ferdsel

19.06.2008 Jernbaneverket gjennomfører no ei rad tiltak for å gjere det tryggare å krysse jernbanen. Dei siste fire åra er det gjennomført ulike utbetringstiltak på nesten 1000 av dei ca. 3 900 planovergangane som finst i landet.

Ved Leirmo på Raumabanen er det bygd ny planovergang med god sikt til erstatning for fleire gamle overgangar, noko både grunneigarar og Jernbaneverket er nøgde med. (Foto: Njål Svingheim)Tiltaka vert utførte som ledd i ein samla plan for betre tryggleik, og totalkostnadene er rekna til 870 millionar kroner.

- Planovergangane er eit dei største faremomenta ved jernbanen, seier tryggleiksdirektør Monika Løland Eknes i Jernbaneverket. Derfor har planovergangstryggleiken stor merksemd både hos meg og hos resten av leiinga i Jernbaneverket, seier ho. Både i arbeidet med ny Nasjonal transportplan og i den påfølgjande nye handlingsplanen for Jernbaneverket vil det bli slege fast at vi skal vidareføre dette arbeidet for å betre tryggleiken på overgangane, seier Løland Eknes. I år er det planlagt ulike tiltak ved heile 470 planovergangar.

Sidan 2004 har Jernbaneverket utført tiltak på 970 planovergangar. 429 planovergangar er fjerna og erstatta av andre løysingar, 325 har fått betre siktforhold og på resten er det utført andre tiltak som for eksempel betre vegtrasé eller det er montert enkel varslingslampe. Det vert òg bygd nye bomanlegg på dei få attverande stadene der det er offentlege (kommunale) vegar som kryssar jernbanen utan vegsikringsanlegg.

Åtferd

- Vi arbeider med å sjå på fleire nye tiltak for å betre tryggleiken, fortel prosjektansvarleg for utvikling av nye planovergangsløysingar, Christopher Schive. Det vert jobba aktivt med tiltak som skal auke merksemda hos dei som skal krysse sporet, forutan at vi vurderer nye tekniske løyningar. - Åtferda hos den einskilde trafikanten og korleis vedkomande oppfattar og ber seg åt når ein skal krysse ein planovergang er hovudnøkkelen for å få til tryggare kryssing av overgangane, seier Schive. 

Ved Leirmo på Raumabanen er det bygd ny planovergang med god sikt til erstatning for fleire gamle overgangar, noko både grunneigarar og Jernbaneverket er nøgde med. (Foto: Njål Svingheim) 

Meir enn halvert

Talet på planovergangar på det norske jernbanenettet er meir enn halvert sidan 1960-talet, og ein stor del av denne reduksjonen har skjedd dei siste åra. Frå 2002 sette Jernbaneverket i gang med å utføre også andre tiltak for å betre tilhøva på så mange av dei eksisterande planovergangane som mogleg. Desse tiltaka fordeler seg på mange alternativ avhengig av dei lokale tilhøva. Mange stader er det bygd nye vegar langs sporet for å leie trafikken til eit tryggare kryssingspunkt, andre stader er det sprengt vekk fjellknausar og rydda skog for å betre sikten for dei som skal køyre over planovergangane. Også bomanlegg, vegutbetring, innløysing av rettar eller lokale avtaler om regulert bruk er blant tiltaka.

Om lag 3400 av planovergangane her i landet er private. Det tyder at det er knytt lovheimla krav til bruken av dei. Som regel er dette planovergangar der vegen leier fram til eit gardsbruk eller ein bustadeigedom. Det store ffleirtalet er såkalla landbruksovergangar som knyter saman landbrukseigedomar på begge sider av sporet.

Det er eit langsiktig mål at ingen skal bli drepne eller skadde i ulykker på planovergangar. På ti år er målet å halvere talet på ulykker og det vert lagt til grunn at ein på kort sikt må halde på tryggleiksnivået frå i dag sjølv om både veg- og togtrafikken aukar.

Der vei krysser jernbane

Det er flere typer planoverganger på jernbanenettet; de kan være sikret med hel- eller halvbommer, lyd- og lyssignaler eller bare med grinder. Det er nå om lag 3 900 planoverganger på jernbanenettet, ca 3 400 av dem er på private veier. I perioden 1998 - 2008 har Jernbaneverket fjernet mer enn 1000 planoverganger.

Les mer