Jernbaneverket sitt miljøstyringssystem er bygd på prinsippa i sertifiseringsordninga ISO 14001, og legg føring for ei sterk satsing på miljøarbeid.

Miljøleiing har vore ein integrert del av Jernbaneverket sitt styringssystem sidan 1999. Dei viktigaste innsatsområda er innarbeida i Miljøplan for Jernbaneverket 2006 - 2009.
Miljømål
Hovedmål for miljø er: Jernbaneverket skal styrka jernbanen sine miljøføremoner.
Følgjande delmål er definert:
- Jernbaneverket skal sikra at miljøstyringssystemet vert følgt, fungerar etter føremålet, vert revidert med jamne mellomrom (systemrevisjon) og halde ved like.
- Jernbanen sin miljøtilstand samanlikna med andre transportformer skal dokumenterast og formidlast til samfunnet.
- Jernbanen sine negative miljøpåverknader skal kartleggjast og reduserast.