Jernbanen er synleg til stades og leggjer beslag på store arealar i det norske landskapet. Jernbaneverket leggjer derfor vekt på at inngrepa som gjerast skal være mest mogeleg i harmoni med landskap og omgjevnader.
Det arbeides også for at stasjonene skal tilfredsstille marknadens krav til estetiske, funksjonelle og ryddige trafikkterminalar.
Hærverk, forsøpling, tagging og attgløymt materiell er med å øydeleggje det visuelle miljøet, trivnad for dei reisande, forbipasserande og naboar til jernbanenettet og stasjonsområde.
Mål
Forbetre det ytre miljøet på stasjonar og langs lina. Alle stasjonar skal vere ryddige. Hele jernbanenettet skal vere ryddig.
Kva gjer vi?
Arbeidet med å utvikle eit heilskapeleg designprogram for det visuelle miljøet på jernbanestasjonar vart påbyrja i 1999. Det er utarbeidd ein standard for jernbanestasjonar som omhandlar fasiliteter på stasjonar, fysisk formgjevnad, drift og vedlikehald. Jernbaneverket har også utarbeidd retningsliner for plassering av reklame på stasjonar og langs jernbanenettet.
Det arbeides med å laga rutiner for registrering, rapportering og opprydding av uryddige stasjonar og banestrekningar. Det skal rapporterast månadleg på indikatorar som har med ryddigheit å gjera, og det er laga særskilde sjekklister for ryddigheit. I 2004 beslutta Jernbaneverket å delta i kampanjen Hald Noreg reint. Frå november 2005 er Jernbaneverket sin serviceerklæring overfor reisande utvida slik at dei reisande i tillegg til god informasjon også har krav på reine og ryddige stasjonar.