Jernbanen strekkjer seg gjennom område med rikt dyreliv. Kvart år vert mange dyr påkøyrde av tog. Påkøyrsel av dyr har mange negative konsekvensar. Dei fører til mellom anna lidingar for dyra, og dei utgjer eit arbeidsmiljøproblem for lokførarar.

1877 dyr vart påkøyrde av tog i 2008. Dette er om lag på same nivå som det verste året 2007. Elg, sau, rådyr og reinsdyr toppar statistikken over dyr som vart påkøyrde. Faktorar som påverkar frekvensen av påkøyrslar, er tilgang på mat, trekkvegar, snømengder, temperatur, tid på døgnet, togtype og farten til toget. Aukinga i talet på elgpåkøyrslar har truleg også samanheng med at elgstammen har auka.
Mål
Jernbaneverket har som mål å redusere talet på dyrepåkøyrslar slik at talet på påkøyrde dyr er maks 1400 i 2009. Målet inneber ca. 25 prosent reduksjon i forhold til 2003.
Kva gjer vi?
Førebyggjande tiltak:
Jernbaneverket satsar på å opprette arbeidsgrupper knytte til ulike problemstrekningar med sikte på samarbeid mellom Jernbaneverket, Vegvesenet, Fylkesmannen og kommunar mfl. om førebyggjande tiltak. Arbeidet med å opprette slike grupper har kome lengst i Nordland og Trøndelag. I prosjektet Elg-Trafikk i Stor-Elvdal 2000-2004 har Jernbaneverket samarbeidd med Statens vegvesen, grunneigarar, Høgskolen i Hedmark og Stor-Elvdal kommune om å få ned det store talet på elgpåkøyrslar i Østerdalen. Resultata frå prosjektet viser at rydding av vegetasjon langs jernbanen og fôring i sidedalar er effektive tiltak for å redusere talet på elg som vert påkøyrde av tog. Andre tiltak som har verknad er gjerde med faunapassasjar, bortjaging/skremming, senka fart.
Ved påkøyrsle:
Dei fleste dyra vert drepne med ein gong i samanstøyten. Skadde dyr vert anten avliva av lokføraren eller det vert leita etter dyret i regi av dei viltansvarlege i kommunen. Ved påkøyrsle av husdyr eller tamrein vert dyreeigaren kontakta.