Avfallshandtering

Eksempel på avfall som oppstår i samband med utbyggjing og drift av jernbanenettet er kreosotimpregnert trevirke (sviller og master), stål (skjener og master) og betong (sviller og bygningsmasse). Den største delen av farleg avfall frå Jernbaneverket si verksemd er kreosotimpregnert trevirke, spillolje, olje- og feittavfall og oljeforureina masse.

Jernbaneverket har ikkje i dag fullt oversyn over kor mykje avfall som kjem til gjennom verksemda kvart år. Ei av årsakene er at avfall frå byggjeprosjekt i regi av Jernbaneverket vert handsama vidare av entreprenørar slik at det i ettertid er vanskeleg å spore kjelda til avfallet.

Mål


Redusere avfallsproduksjonen og handsame avfall som ein ressurs. Den delen av avfallet som skal gå til ekstern gjenbruk eller gjenvinning, skal minst vere 70 prosent.

Kva gjer vi?


Registrering av avfallsmengder, -typar, handsaming og vurdering av tiltak til betring er ein del av Jernbaneverket sitt arbeid med avfallshandtering.

Jernbaneverket er ferdig med PCB-sanering av kondensatorar i lysarmatur på alle banar. 

Ein stor del av materiale som vert fjerna i samband med oppgradering av jernbanenettet, vert brukt om att i andre delar av nettet. Metall- og treavfall som ikkje kan nyttast om att internt, vert selt vidare til gjenbruk. Regionane i Jernbaneverket har starta opp aktivitetar for å innføre kjeldesortering på stasjonane. I tillegg er det lagt til rette for kjeldesortering av papir og farleg avfall frå kontora i Jernbaneverket.