Jernbanen påverkar naturen den går gjennom på mange måtar. Likevel finn ein av og til ein overraskande artsrik vegetasjon i sideterrenget ved jernbanen. Særleg i tørre enger og sørvendte skjæringar og fyllingar fins ein rik og sjeldan flora.
Ei viktig utfordring for Jernbaneverket er å kontrollere og redusere negativ påverknad på biologisk mangfald. Ein samanstilling av tilgjengeleg dokumentasjon viser at det er i alt 70 verneområde og om lag 400 område med verdifulle naturtypar som fram til no er kartlagde på eller inntil Jernbaneverket sine areal. På jernbaneareala er det dokumentert nær 100 funn av om lag 60 ulike raudlista artar.
Mål
Jernbaneverket sitt mål for biologisk mangfald er å unngå inngrep i prioriterte naturtypar og viktige leveområde for dyr og planter. Det er også eit mål å minimalisere auke i barriereverknader for dyrelivet. Miljøomsyn skal ivaretakast i planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av jernbane infrastruktur.
Kva gjer vi?
For alle utbyggingsprosjekt og vedlikehaldsprosjekt som kan føra til negative miljøpåverknader skal det utarbeidast miljøoppfølgingsprogram som skal nyttast i prosjekterings- og anleggsfase. Jernbaneverket har utarbeida retningsliner til miljøoppfølgingsprogram for byggje- og anleggsperioden. Livsgrunnlag for flora og fauna er eit aktuelt tema som skal vurderast i miljøoppfølgingsprogrammet.
Jernbaneverket har i 2007 avslutta eit prosjekt om biologisk mangfald på Sørlandsbanen som vart starta i år 2000. Føremålet med prosjektet var både å kartleggje biologisk viktige område langs banen og å teste ut metodar for skjøtsel av vegetasjon i sideterreng. Sluttrapporteringa frå prosjektet er delt i to. ”Kunnskapsrapporten” oppsummerer den kunnskapen vi har i dag om jernbaneflora og biologisk mangfald langs jernbanen i Noreg. Resultat frå skjøtselsforsøk og kartlegging av verdifulle naturtypar langs Sørlandsbanen og Vestfoldbanen er presentert i "Skjøtsels- og kartleggingsrapporten". Resultata viser m.a. at årleg slått med ljå og ryddesag påverkar artsmangfaldet positivt. Rapportane er lagde ved denne artikkelen som pdf-dokument.
Eksempel på konkrete skjøtselstiltak er brenning langs jernbanelina for å betre tilhøva for den truga arten hortulan. Et anna tiltak er kartlegging og fjerning av framande skadelege artar, slik som kjempebjørnekjeks og tromsøpalme.