Kulturminne

Jernbanen i Noreg har i dei vel 150 åra han har eksistert gjeve ei rad verdifulle kulturminne. Dette omfattar både jernbanetrasear, bygningkonstruksjonar, tekniske innretningar, bygningar og miljø.

Mål

Jernbaneverket vil syte for forsvarleg forvaltning, drift og vedlikehald av eigne kulturminne. Jernbaneverket skal ta omsyn til kulturminne i andre sektorar.

Kva gjer vi?

Jernbaneverket arbeider med implementering av ein nasjonal verneplan for kulturminne i jernbanen (NVP). Dette skjer i lag med Riksantikvaren og aktuelle fylkeskommunar.

Forslaget til verneplan er delt i to hovuddelar: heile strekningar og objekt/miljø. Ein førebels verneplan er utarbeida og skal gjelde fram til endeleg plan er godkjent av Riksantikvaren. Sjå artikkel om verneplanen for kulturminne i jernbanen.

Omsyn til kulturminne i andre sektorar blir vurdert som integrert del av planprosessen ved planlegging av ny infrastruktur.

Verneplan for kulturminne

Jernbaneverket arbeider med implementering av ein nasjonal verneplan for kulturminne i jernbanen (NVP). Dette skjer i lag med Riksantikvaren og aktuelle fylkeskommunar.

Les mer