Meir på skjener!

Jernbaneverket arbeider for at det norske jernbanenettet skal nyttast best mogleg for å gi sikker, effektiv og miljøriktig transport til næringsliv og passasjerar. Den 1. januar 2007 opna det norske jernbanenettet også for utanlandske selskap som ønskjer å køyre godstog i Noreg. Allereie frå 15.mars 2003 vart nettet opna for selskap som køyrer grenseoverskridande trafikk.

Flytoget ved Jong. (Foto: Njål Svingheim)Jernbaneverket sitt ansvar er utvikling og drift av eit jernbanenett som tilfredsstiller samfunnet og marknaden sine krav til tryggleik, tilgjenge, fart, aksellast, togtettleik, lasteprofil, komfort/oppleving, miljø og publikumsinformasjon.

Jernbaneverket har også ansvar for jernbanestasjonar og terminalar, bl. a. publikumsareal, tilgjenge, parkeringsplassar og andre offentlege fasilitetar som er naudsynte for togbrukarane.

Marknadsavdelinga har ansvar for avtaler og kontakt med trafikkutøvarane.