Informasjon for togselskapa

Det er etter kvart ei rad togselskap som driv togtrafikk i Noreg. Flest selskap er det på godssida.

På desse sidene har vi samla nyttig informasjon for selskap som køyrer, eller som har planar om å køyre tog i Noreg. For å kunne søkje om sportilgangsavtale med Jernbaneverket, må selskapa ha gyldig lisens og sikkerheitssertifikat frå
Statens jernbanetilsyn.
Følgjande selskap har sportilgangsavtale med Jernbaneverket:

NSB AS (persontrafikk)
Flytoget AS (persontrafikk)
NSB Gjøvikbanen AS (persontrafikk)
SJ AB (persontrafikk)  
CargoNet AS (godstrafikk)
Green Cargo AB (godstrafikk)
LKAB Malmtrafik AB (godstrafikk)
Hector Rail AB (godstrafikk)
Cargolink AS (godstrafikk) 
Grenland Rail AS (godstrafikk)
Tågåkeriet i Bergslagen, AB (Tågab) (godstrafikk)
TX Logistik AB (godstrafikk)

I tillegg driv Jernbaneverket ein omfattande trafikk med eigne tog i samband med drift og vedlikehald av jernbanenettet.