GSM-R Mobilnett

(Foto: Øystein Grue)GSM for Rail, eller GSM-R, er den europeiske standarden for mobilkommunikasjon på jernbanen. Sjå illustrasjon av GSM-R systemet.

GSM-R byggjer på mobilstandarden GSM. I tillegg tilfredsstiller systemet dei krava til tryggleik og tilgjengelegheit som er spesielle for jernbanen. GSM-R har fleire prioritetsnivå på samtalar, rask oppkoplingstid, naudoppkalling og gruppesamtalar.

GSM-R gjev full radiodekning langs spora og i alle jernbanetunnelane, og Jernbaneverket har høve til å bruke Telenor sitt nett (roaming). GSM-R mobilnettet vart bygd ut med full dekning langs sporet innan 1.1.2007.   

 

Jernbaneverket eig GSM-R systemet. Operasjonssenter Marienborg i Trondheim opererer GSM-R nettet, både dei sentrale systema og lokale GSM-R anlegg langs jernbanen. Nettet vert overvaka heile døgnet for å sikre maksimal tilgjengelegheit for GSM-R brukarane.