Har du spørsmål som du ikkje finn svar på her, ta kontakt med Jernbaneverket sitt kundesenter.
Korleis kjem eg i kontakt med Jernbaneverket?
Du kan kontakte kundesenteret på e-post kundesenter@jbv.no , sende sms til 26112 (skriv kodeord JBV etterfølgt av melding), www.Facebook.com/jernbaneverket eller på Twitter. Du kan også kontakte sentralbordet vårt på 05280.
Korleis får eg tilgjenge til mobilapplikasjonen "Togtider"?
Dersom du har Iphone, må du inn på Appstore og søkje opp Togtider og laste ned. Dersom du har ein annan type smartphone, skriv du m.jbv.no i internett exploraren. Appen er førebels ikkje tilgjengeleg for Android-telefonar. Du kan lese meir om mobilapplikasjonen på www.facebook.com/jernbaneverket
Eg har sendt ein førespurnad til Jernbaneverket. Kva skjer med førespurnaden?
Når du sender oss ei sak til kundesenter@jbv.no, vil du få ei tilbakemelding med eit saksnummer og ein link. Via denne linken kan du følgje saka di og sjå saksgangen. Du vil også få ein mail når saka di er ferdig handsama.
Eg skal lage ei skoleoppgåve om Jernbaneverket. Kvar finn eg informasjon?
Sjekk ut denne sida:Om du ikkje finn svar på alt her, ta kontakt med vårt kundesenter.
Eg har lyst til å jobbe i Jernbaneverket, korleis går eg fram?
Alle dei ledige stillingane våre blir publiserte her:
Eg vil bruke Jernbaneverket sine mobilsider. Korleis gjer eg det?
Sjå denne artikkelen for omtale av m.jbv.no og Iphone-app.
Kva har Jernbaneverket ansvaret for?
Jernbaneverket har ansvar for planlegging, utbygging og vedlikehald av jernbanen, stasjonane og terminalane. I tillegg har Jernbaneverket ansvaret for å styre togtrafikken og informere om han.
Eg skal til dømes reise frå Asker stasjon. Korleis ser stasjonen ut og kva slags stasjonsfasilitetar finst der?
Du kan finne informasjon om alle stasjonane våre her.