Treng du assistanse på jernbanestasjonane? Assistanse på stasjonane kan frå 2. januar også tingast hjå Jernbaneverket, i tillegg til hjå togselskapa sine kundesentre.
Frå 2. januar 2012 vil alle tingingar av assistanseteneste handsamast av Jernbaneverket.
Tenesten kan frå denne datoen tingast frå eit elektronisk skjema, e-post eller på telefon til Jernbaneverket sitt kundesenter (477 70 098) i tidsrommet frå klokka 08.00 til klokka 17.00 måndag til fredag, og laurdagar og sundager frå klokka 09.00 til klokka 15.00.
Det er fortsatt mogeleg å kontakte NSB kundesenter og tinge assistanseteneste saman med togbilletten som tidlegare. Flytoget sitt kundesenter vil og formidle assistansetiningar til Jernbaneverket.
Informasjon får du ved å sende kodeord Assistanse til 26112
Ved epost-bestilling må det opplysast om
- Namn
- Telefonnummer
- Assistansebehov
- Avreisestasjon og ynskja møtestad på stasjonen
- Ankomstasjon
- Tidspunkt for avreise og ankomst
- Eventuelt andre opplysningar
Om du bruker rullestol, ber vi deg oppgje vekt og størrelse, og om rullestolen kan leggjast saman (rullestoler som tas med i tog kan ikkje vere større enn 70cm x 120 cm).
Anbefalt oppmøtetid er 30 minutter før ordinær avgangstid. Billett må tingast hjå togselskapene.
Følgjande stasjonar har tilbod om assistanseteneste pr. 2.1.2012:
- Oslo S
- Gardermoen (assistansen omfattar både togstasjon og flyterminal)
- Trondheim
- Bergen