Miljørapport 2005

Miljørapport 2005 presenterar status for miljøarbeidet i Jernbaneverket. Her kan du m.a lese at elektrisitets- forbruket i Jernbaneverket er redusert med totalt 24 prosent frå 2002 til 2005 og du kan finne informasjon om tiltak som er sett i verk når det gjeld energiøkonomisering.

Andre positive utviklingstrekk i miljøarbeidet er at:

  • Utrekningar gjennomført av SSB i 2005 viser nedgang i støyplage frå jernbane på 20 prosent frå 1999 til 2003.
  • Styresmaktene sitt mål for arbeidet med opprydding i forurensa grunn er nådd innan fristen 31.12.2005 for A-liste-lokalitetar og B-listelokalitetar som Jernbaneverket har ansvar for.
  • Det er rapportert om 1279 dyr påkjørt av tog i 2005. Dette er det lågaste talet påkjørte dyr sidan 1998.

Jernbaneverkets miljørapport 2005 skildrar i tillegg statistikk og tiltak når det gjeld avfallshandtering, uønska hendingar og vegetasjonskontroll. I tillegg er det omtale av status for arbeid med biodiesel, biologisk mangfald, kulturminner – og miljøer samt visuelt miljø.