Miljørapport 2000

Jernbaneverket har for fjerde år på rad utarbeida miljørapport for verksemda. Miljørapport 2000 presenterar status for miljøarbeidet i Jernbaneverket. Årets rapport vert presentert for første gong kun elektronisk.


Bakgrunn


Jernbanetransport har miljømessige føremoner samanlikna med andre transportmiddel, særleg på grunn av lite luftforureining. Ein føresetnad for at jernbanen skal vera eit miljøvenleg transportalternativ, er at ein prøver å redusera dei ulemper jernbanetransport påfører samfunnet, m.a i form av støy og inngrep i natur- og kulturmiljø. Jernbaneverket sin miljøplan omtalar konkrete aktivitetar og tiltak for å oppnå dette.

Stikkord frå Miljørapport 2000

 
Miljøstyringssystem på nivå 2 er ikkje ferdig laga i alle einingar, men fleire av einingane planlegg å få dette ferdig i første halvår 2001. Jernbaneverket har for alle større utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt innarbeidd miljøoppfølgingsprogram og det er utarbeidd eit utkast til rettleiing om utforming av miljøoppfølgingsprogram. Rettleiing om ivaretaking av miljøhensyn i planfasen er også under utarbeiding. Ei grov kartlegging gjennomført i 1999 viser at om lag 3400 bueiningar er utsett for jernbanestøy høgare enn 42 dB(A) innandørs. For å rette fokus på dette problemet vart arbeidet med støyreduserande tiltak definert som eige programområde i samband med utarbeiding av Jernbaneverket sitt innspel til St. meld.nr 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan.

Jernbaneverket deltar som ein av 10 statlege etatar i pilotprosjektet Grøn Stat. Jernbaneverket si innkjøpshandbok vart revidert i 2000. Den nye handboka inneheld retningslinjer for å ivareta miljøomsyn ved innkjøp. Arbeidet med å lage ein nasjonal verneplan for jernbaneanlegg heldt fram i 2000. Det er gjennomført opprydding i kreosotforureining på deponiet på Gudå (Nord-Trøndelag) i år 2000, noko som har resultert i leveransar av 300 tonn kreosotavfall som spesialavfall.

Jernbaneverket har som mål å redusere energiforbruket. Det framgår av miljøregnskapet i Jernbaneverket sin miljørapport 2000 at forbruk av diesel og bensin i verksemda auka frå 1999 til 2000. Dette reknar ein med heng saman med følgjande faktorar: større oppdragsmengd over større område, større aktivitet med tunge maskinar, til dømes renseverk, og mykje snøbrøyting som følgje av store snømengder i år 2000.

Det er rapportert om 1396 dyr påkøyrt på jernbanen i 2000.

I 2000 vart det gjennomført ein kampanje i Jernbaneverket for å rette fokus på rapportering av uønska hendingar, til dømes brannar og utslepp, gjennom bruk av databasesystemet Synergi.