Visuelt miljø

Jernbanen er synleg til stades og leggjer beslag på store arealar i det norske landskapet. Jernbaneverket leggjer derfor vekt på at inngrepa som gjerast skal være mest mogeleg i harmoni med landskap og omgjevnader.

Det vert også arbeidd for at stasjonane skal tilfredsstille marknadens krav til estetiske, funksjonelle og ryddige trafikkterminalar.

Hærverk, forsøpling, tagging og attgløymt materiell er med å øydeleggje det visuelle miljøet, trivnad for dei reisande, forbipasserande og naboar til jernbanenettet og stasjonsområde.

Mål
Alle stasjonar skal vere ryddige. Heile jernbanenettet skal vere ryddig.

Status
Nytt kundesenter er opna og serviceerklæringa er utvida. Tal på ryddige strekningar og stasjonar har hatt ei positiv utvikling i 2010 samanlikna med 2009.

Kva gjer vi?
Arbeidet med å utvikle eit heilskapeleg designprogram for det visuelle miljøet på jernbanestasjonar vart påbyrja i 1999. Det er utarbeidd ein standard for jernbanestasjonar som omhandlar fasiliteter på stasjonar, fysisk formgjevnad, drift og vedlikehald. Jernbaneverket har også utarbeidd retningsliner for plassering av reklame på stasjonar og langs jernbanenettet.

Det er laga rutiner for registrering, rapportering og opprydding av uryddige stasjonar og banestrekningar. Det skal rapporterast månadleg på indikatorar som har med ryddigheit å gjera, og det er laga særskilde sjekklister for ryddigheit.

Det går fram av Jernbaneverket si serviceerklæring at dei reisande i tillegg til god informasjon også har krav eit tilgjengeleg, reint og ryddig stasjonsområde. Kundesenteret mottar, registrerer og fylgjer opp alle førespurnader. Det er mogeleg å fylgje si eiga sak på kundesenteret si «online-support» heilt til eventuelle tiltak er gjennomførde.